Møre og Romsdal fylkeskommune løyser sentrale utviklings- og forvaltningsoppgåver i ein regional organisasjon - i nært samspel med kommunar, næringsliv og organisasjonar.Vi skal vere ein god tenesteytar for innbyggjarane og ein tydeleg medspelar i utviklinga av fylket. Vårt samfunnsoppdrag byggjer på verdiane respekt, likeverd, medråderett, fellesskapsansvar og open organisasjon.
Arbeidsstad
Borgund vidaregåande skole er ein yrkesfag skole med høve til påbygging til generell studiekompetanse. Skolen er ny og moderne og har ca 900 elevplassar og over 200 tilsette. Skolen ligg i indre bydel i Ålesund, Fremmerholen. Utdanningsprogramma: Bygg og anleggsteknikk, Design og håndverk, Elektrofag, Helse- og oppvekstfag, Restaurant og matfag, Teknikk og industriell produksjon. Påbygging til generell studiekompetanse. BORK Karriere og Kompetanse har ansvaret for vaksenopplæring, realkompetansevurdering og kurs.
Opplysningar om stillinga
100% fast stilling som tilsynsvakt i Borgundhallen. Arbeidstida er mellom 1500 og 2230, og i helgane ved behov.
Stillinga er ledig frå 01.03.18.
Om ønskjeleg kan stillinga delast.
Oppgåver og ansvar
-Tilsynsvakta er skolens kontaktperson for lag og organisasjonar som nyttar skolen på kveldstid.
-Tilsyn med bygning.
-Fordeling av garderober og låsing av dører.
-Rydding, reinhald og vedlikehald.
Krav til kompetanse
Ved tilsetting vil vi vektlegge at vedkommande er påliteleg, ansvarsfull, serviceinnstilt, imøtekomande og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter.
Søkjar må vere over 18 år.
Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løns og arbeidsvilkår etter gjeldande avtalar.
Tilsettinga er elles på fylkeskommunale vilkår og i tråd med gjeldande lover, avtaler og reglement.
Søknad
Møre og Romsdal fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Søkarliste
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli offentleg sjølv om søkar ber om anonymitet jf. Offentleglova § 25,2. Om dette blir tilfelle, vil vi ta kontakt med søkaren før offentleggjering.
Politiattest
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. opplæringslova §10-9.
Søknadsfrist:07.02.18
Arbeidsgiver:Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted:Borgund vidaregåande skole
Hentet fra:Kommuner-Visma
Se annonseMedium: Webcrawl
Adresse: 6011 ÅLESUND