Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet med 11000 innbyggjarar. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km sør-aust for Haugesund med gode kommunikasjonar mot Bergen og Stavanger og kort veg til flyplass. Tysvær er ein vekstkommune med ein særs ung befolkning, og har flotte tilbud innan kultur og idrett. Barnehagar og skular er moderne og gir gode tilbud i dei ulike delane av kommunen. Vi gjer merksam på at berre tilsette i Tysvær kommune (fast eller vikar) kan søkje stillingar som merka INTERN i overskrifta
Engasjement 100 % frå 01.03.2018 - 31.12.2018
Tildelingskontoret behandlar søknader og førespurnader på tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven og samordnar tenestene med utførareiningane. På grunn av auka saksmengde søker kommunen etter saksbehandlar ved Tildelingskontoret i 100 % engasjement i perioden 01.03.2018 - 31.12.2018.
Dei viktigaste oppgåvene er:
" Saksbehandling
" Legga til rette og samordna tenestene mellom tildelande og utførande einingar
" Ha oversikt over relevante tilbod og tenester
" Bidra til at kommunen sine ressursar blir nytta best mogleg
" Samhandling på tvers av verksemda, kommunar, helseføretak og andre
" Samarbeida med andre aktørar, mellom anna frivillige organisasjonar
" Pleie- og omsorgsmeldingar (elmel)
Arbeidstid
Stillinga har arbeidstid på dagtid.
Krav til fagleg og personleg kompetanse
" Helse- og sosialfagleg utdanning, minimum på Bachelor-nivå
" God munnleg og skriftleg framstillingsevne
" God lovforståing og kunnskap om offentleg forvaltning og saksbehandling
" Gode datakunnskapar - evne til å kunne setta seg inn i nye fagsystem
" Evne til å arbeida strukturert
" Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
" Kunne jobba sjølvstendig, vera fleksibel, ny-tenkande og løysingsfokusert, samt fungera godt i team
" Reflektert og god relasjonskompetanse
" Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Ei spanande og utviklande stilling kor du kan vera med å vidareutvikla helse- og omsorgstenestene i Tysvær kommune. Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
Lønnsvilkår
Etter gjeldande avtale og regelverk.
Slik søkjer du
Søkjarar må bruke det elektroniske søknadskjemaet som ligg på kommunen si nettside: tysver.kommune.no.
Spørsmål kring korleis du søkjer kan rettast til Servicetorget på telefon:
Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Vitnemål og attestar skal kun takast med til evt.intervju, og desse blir dessverre ikkje returnerte.
Dersom det kjem fram i stillingsutlysinga krav om politiattest, skal det ihht gjeldande lovverk leggjast fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Det blir teke atterhald om at merknadar på politiattesten kan føre til endring i tilbodet om stilling.
Søknadsfrist:16.02.18
Arbeidsgiver:Tysvær kommune
Sted:Resultatområde omsorg - leiing