Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon65 Presentasjon av stillingen:
Giske kommune har ledig stilling som kommunalsjef oppvekst frå 01.01.2021.
Kommunalsjefen har det overordna fagleg, økonomiske, personalmessige og administrative ansvaret for tenesteområda innan oppvekst. Ansvarsområdet er 5 skular (4 barneskular og 1 ungdomsskule), to kommunale barnehagar og vaksenopplæring. Kommunalsjefen er næraste overordna til einingsleiarane i sektoren, leiar for spesialpedagogisk team og to tilsette i fagstaben. Samla budsjett er om lag 212 millionar.
Kommunalsjefen utgjer i lag med kommunedirektør og kommunalsjef for helse og omsorg toppleiinga i kommunen og har ilag med desse ansvar for strategi og heilskapleg utvikling av kommunen. Kommunen er i ein økonomisk utfordrande situasjon og å få drifta i balanse er høgt prioritert.
Kommunen har eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering som endrar arbeidsmåtar og organisering innan alle tenesteområde. Det er forventa at leiaren er ein pådrivar i dette arbeidet, både for administrative og pedagogiske løysingar.
Giskeskulen har i fleire år satsa på digitale læringsmiddel og har i dag høg digital kompetanse hos dei tilsette i skule og barnehage. Framover vil ny læreplan «Fagfornyinga» og ny opplæringslov stå sentralt i utviklingsarbeidet. Giske kommune var realfagskommune i 2017 -- 2019, og jobbar med å oppretthalde skulane og barnehagane si auka kompetanse innafor dette området. Kvalitetsplanen for oppvekst sine prioriterte satsingsområde er utvikling, leik, læring og teknologi.
Giske komme er ei BTI kommune -Betre Tverrfagleg Innsatssom er forankra tverrfagleg i kommunen med oppvekst som motor. «TALK prosjekt» for barn med høgtfungerande autisme har sitt utspring i samarbeid mellom PPT og oppvekst og har svært gode resultat. TALK skal framover implementerast i barnehage og helse/omsorg i heile kommunen. Giske kommune har også eit aktivt forpilktande samarbeid gjennom Sunnmøre regionråd.
Kommunen vil ha fokus på kvalitet gjennom høg og god fagleg kompetanse i skule og barnehage. Vi ønskjer oss ein tydeleg og engasjert pedagogisk samlande leiar som kan legge til rette for erfaringsdeling mellom einingane og leie utviklingsarbeidet i lag med dyktige leiarar og tilsette.
Frå hausten 2021 skal Giske kommune samle ungdomsskulen i ei eining for heile kommunen, og samle barnetrinnet på Godøya til ein lokalitet. Å gjennomføre ein god og samlande prosess vert ei prioritert oppgåve.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du opplyse om og grunngje dette i søknaden din. Vi gjer ei konkret vurdering av ønskjet opp mot krav om offentlegheit. Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv etter ønskje om konfidensialitet, og søkjaren vil bli varsla på førehand om dette.
Arbeidsoppgåver
- Heilskapleg og strategisk utvikling av Giske kommune i tett samarbeid med resten av toppleiinga
- Overordna strategisk fagleg, økonomisk og administrativt leiaransvar for oppvekstområdet -- ansvar for overordna rapportering
- Overordna ansvar for kvalitet- og internkontroll innanfor ansvarsområdet
- Pådrivar til utviklingsarbeid innan ansvarsområdet og til tverrfagleg samarbeid
- Tett oppfølging og tydeleg leiing av leiarar og stabstilsette
- Samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
- Følgje opp og gjennomføre politiske vedtak innanfor vedtekne økonomiske rammer
- Delta i fagspesifikt politisk utval, formannskap og kommunestyremøter, og andre politiske møter ved behov
- Koordinering av og samarbeid med nabokommuner, fylke og stat innan oppvekstområdet
Kvalifikasjonar
- Høgare relevant pedagogisk utdanning frå universitet/høgskule
- Leiarutdanning er ønskjeleg
- Erfaring frå undervisning og relevant leiarerfaring
- Erfaring med omfattande omstillingsarbeid
- God kjennskap til oppvekstområdet
- God kjennskap til økonomistyring og administrativt arbeid
- Kjennskap til relevant lovverk
- Digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar
- Evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling
- Evne til involvering, god dialog og samspel -- tydeleg, engasjert og samlande
- Evne til å skape tillit og godt læringsmiljø i oppvekstområdet si leiargruppe og elles
- Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar
- Ryddig og strukturert
- Stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi og digitalisering innan alle tenesteområde
- Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP
- Tett samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente leiarar og stabstilsette innan oppvekstområdet -- i kommunedirektøren sitt tverrfaglige leiarforum og elles i Giske kommune.
Våre verdiar:
- Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
- Løysingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
- Engasjement - gjennom meiningsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
- Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
Kontaktinformasjon
Arnfinn Vartdal, kommunalsjef, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Synnøve Thorseth, personalsjef, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Marianne Stokkereit Aasen, kommunedirektør, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Valderhaug 4
6050 Valderøya
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Giske kommune
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon65
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2020