Vi søker etter
ein engasjert person med stor arbeidskapasitet til stillinga som kontraktsforvaltar i kollektivteamet. Har du spesiell interesse for kollektivtransport, og kan tenke deg å arbeide med å utvikle kollektivtilbodet i tett samhandling med våre operatørar? Då kan du vere den vi søker.
Ved kollektivavdelinga FRAM er det ledig ei fast stilling som kontraktsforvaltar. Stillinga ligg i kollektivteamet i driftsseksjonen i Kollektivavdelinga FRAM i Møre og Romsdal fylkeskommune og rapporterer for tiden til seksjonsleiar. Vi søker etter ein uredd person med gode samarbeidsevner, som skal bidra til eit best mogleg kollektivtilbod i fylket innanfor gjeldande rammar.
Gjennom FRAM vert det produsert om lag 18,4 millionar rutekilometer med buss kvart år i fylket. I forbindelse med bypakkane er kollektivtransport eit viktig satsingsområde. Vi fraktar om lag 20 000 elevar til og frå skule kvar dag, og bussdrifta er ein viktig del av transportberedskapen. Kollektivtransporten er ein sentral brikke i det grøne skiftet i fylket, og FRAM har starta med elektrifisering av bussdrifta.
Oppfølging av økonomi og resultatansvar i kontraktsporteføljen er ein del av stillinga.
I stillinga vil du ha utstrakt kontakt med operatørar, leverandørar, kommunar og publikum.
Du får jobbe med
" Kontraktsoppfølging av eksisterande kontraktar og kjøp av transporttenester
" Kontraktutvikling og anbod: Delta i prosjektgruppe som førebur anbodsgrunnlag før kvar nye anbodsprosess. Vere ein aktiv og tydeleg medspelar for utvikling og innovasjon av anbodsgrunnlag og kontraktar.
" Miljøteknologi: Utviklinga innan miljøteknologi skjer raskt. Møre og Romsdal fylkeskommune har vore, og ønskjer fortsatt å vere, ein premissgivar i utviklinga. Kompetanse innan og/eller interesse for miljøteknologi er ønskeleg.
" Utarbeiding av saksframlegg for politisk behandling
" Anna kontraktarbeid ved seksjonen kan bli lagt til stillinga
" Noko reiseaktivitet må påreknast
Vi søker deg som har
Relevant utdanning, eksempelvis innan transport, økonomi eller administrative fag. Lang erfaring frå relevant arbeidsområde kan kompensere for formell utdanning
Relevant erfaring frå arbeidsoppgåvene som høyrer til seksjonen vil bli vektlagt
Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og med god gjennomføringsevne
Det blir elles vektlagt at søkaren:
" Er initiativrik og løysingsorientert
" Har stor arbeidskapasitet og er engasjert
" God IT-kunnskap og systemforståing
" Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
" Gode samarbeidsevner
" Relasjonelle og kommunikative evner vil bli vektlagt
Vi tilbyr
" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for 21 fylkesvegferjesamband og 4 hurtigbåtsamband, og det blir produsert om lag 18,4 millionar rutekilometer med buss kvart år. Møre og Romsdal fylkeskommune er med på det grøne skiftet i transportsektoren og har starta på elektrifisering av buss- og ferjetilbodet. Kollektivavdelinga består av to seksjonar som arbeidar med kollektivtrafikken i fylket - driftsseksjonen og marknadsseksjonen.
Om seksjonen:
Seksjonen består av tre team; maritimt, kollektiv og forvaltning, og har ansvaret for dagleg oppfølging av eksisterande kontraktar på kollektivområdet, det vil si kontraktsoppfølging av buss, båt og ferje samt ruteplanlegging og optimalisering av ruter. Utforming av nye kontraktar og innkjøp av desse er organisert som prosjekt.
Seksjonen sitt ansvar innanfor kollektivtransport og leveransar innan bestillingstransport er lagt til kollektivteamet. Kollektivteamet består av 8 rådgivarar.
Driftsseksjonen i FRAM har kontorstad i Molde. Kontorstad Kristiansund eller Ålesund er også aktuelt.
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.
Adresse: Samferdselsområdet