Ved Hordaland politidistrikt, Namsfogden er det ledig 1 fast stilling og 1 vikariat som førstekonsulent SKO 1408, LR 22.
Stillingane er for tida plassert på namsseksjonen, og er underlagt seksjonssjefen. Seksjonen er fullfagleg innan tvangsfullbyrding, gjeldsordning og naturskade og skjønn.
For stillingane gjeld vanlege tilsetjingsvilkår i staten, mellom anna tilsetjing på prøve dei første 6 månadene. Søkjarane må kunne skrive både nynorsk og bokmål. Det er krav om plettfri vandel, og vandel blir undersøkt.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda til å søkje.
Vi ber om elektronisk søknad med referansar via lenka nedanfor.Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, og må ta med stadfesta attestar og vitnemål.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Fra0-1 år arbeidserfaringTil1+ - 5 år arbeidserfaring
Mastergrad eller høyere
Ikke oppgitt
Om arbeidsgiveren
Namsfogdkontoret i Bergen er ei driftseining i Hordaland politidistrikt. Namsfogden er leiar for eininga, som har ansvar for dei sivile rettspleieoppgåvene på grunnplanet for heile Bergen kommune. Arbeidsoppgåvene er tvangsfullbyrding, gjeldsordning og oppgåver i tilknyting til andre sivile gjeremål, som skjønn. Namsfogdkontoret er også sekretariat for forliksrådet, hovudstevnevitne og styrer naturskadetakstar. Eininga er kompetansesenter for dei sivile rettspleieoppgåver i politidistriktet, og har 48 tilsette.
Les mer om
Namsfogden i Bergen