Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse
Overlege anestesiologi - Anestesilegar - Ålesund sjukehus - Helse Møre og Romsdal HF
Helse Møre og Romsdal
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Seksjon for anestesilegar i Ålesund er ein del av avdeling for anestesilegar i Helse Møre og Romsdal organisert i Klinikk for akuttbehandling.
Vi har eit triveleg og spennande fagmiljø med svært varierte arbeidsoppgåver. I tillegg allsidig anestesiarbeid ved mellom anna sentraloperasjon og dagkirurgisk seksjon, server seksjonen også intensiv, smertepoliklinikk, palliativt team og prehospitale tjenester (ambulansefly og ambulansehelikopter). Det må også påreknast at ein deltek aktivt i seksjonens undervisningsoppgåver og kvalitetsarbeid.
Vi har ledig fast 100 % stilling for overlege i anestesi frå snarast / oppstart etter avtale Det kan og bli aktuelt med eit 1-års vikariat som overlege med moglegheit for forlenging eller fast tilsetting.
Vaktene er 6-delt vakt i ein kombinasjon av bakvakt med heimevakt, lege på ambulansefly eller ambulansehelikopter. Endeleg vaktsjikt vil være avhengig av avdelinga sitt behov og personleg eignaheit. Det kan og bli aktuelt med deltaking i seksjonens smertepoliklinikk.
Kvalifikasjonar
Søkjar må legge ved søknadsblankett for legestillingar
Må beherska norsk skriftleg og munnleg
Gode samarbeidsegenskapar
Norsk autorisasjon som lege
Spesialist i anestesiologi (eller ferdig spesialist i nær framtid)
Personlege Eigenskapar
Strukturert
Gode samarbeids og kommunikasjonseevner
Må trivast i eit aktivt og travelt miljø med hyppige vakter
Faglig engasjement
Vi tilbyr
Lønn etter gjeldande overeinskomst
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring.
Triveleg arbeidsplass med høgt fokus på fag og kvalitet.
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape «pasientens helseteneste». Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. «Kontinuerleg forbetring» er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.