Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) si hovudoppgåve er at alle barn, ungdomar og familiar som treng hjelp og støtte, skal få det, same kor dei bur i Noreg. Bufetat har oppgåver innan områda barnevern, familievern, samlivstiltak, ekteskapssaker, adopsjon, rettferdsvederlag, tilskotsforvalting, ungdomsutveksling, ungdomsinformasjon og krisesenter. Bufetat er organisert i fem regionar samt Bufetat Senter for administrasjon og utvikling med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som hovudkontor i Oslo. Bufetat er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Sandnes ungdomssenter er ein institusjonseining for ungdom. Vi tek i mot ungdom etter Lov om barneverntjenster §§4-24 Jfr.4-26. og §4-12. Vi har tre institusjonsavdelingar med plass til totalt 9 ungdommar i alderen 13 - 18 år. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø, godt fagmiljø med gode høver for utvikling, rettleiing, fagleg oppfølging, samt mange utfordringar.
Les mer om
Barne-, ungdoms- og familieetaten