Med bakgrunn i aukande oppdragsmengd og god utvikling i selskapet ser vi etter dyktige medarbeidarar.
OSE AS er tverrfaglege rådgivarar med hovudkontor i Ørsta og avdelingskontor i Ålesund og Nordfjordeid. Selskapet vart etablert i 1964 og har i dag 21 tilsette, fordelt på tre fagseksjonar;
- Plan, infrastruktur og landskap
- Byggteknikk og prosjektstyring
- Takst
OSE sin visjon er å gi råd som realiserer visjonar. Dette er både ein ambisjon og eit løfte for kundane og samarbeidspartnarane våre. Tilsette i OSE er ei god blanding av både nyutdanna og erfarne medarbeidarar. Lidenskapelege og dedikerte tilsette gjer OSE til ein av dei leiande tverrfaglege rådgivarane i regionen.
Kan du tenkje deg å være med oss på vegen vidare?
Vi kan tilby:
- Eit solid konstruksjonsteknisk fagmiljø
- Store faglege utfordringar i tverrfaglege prosjekter saman med dyktige medarbeidarar
- Gode utviklingsmoglegheiter innanfor planlegging og prosjektering av bygg- og anleggsprosjekt
- Konkurransedyktige vilkår, gode forsikrings- og pensjonsavtalar
- Stor fleksibilitet, handlingsrom og ansvar
- Nye og moderne kontorfasilitetar
Dine arbeidsoppgåve vil vere:
- Byggteknisk prosjektering - rådgiving, berekningar, planlegging og prosjektering
- Oppdragsleiing
- Markedsarbeid og tett kundekontakt
- Utarbeiding av anbodsdokument
- Evaluering av tilbod og kontraheringsarbeid
- Deltaking i faggrupper internt og eksternt
Ønska kvalifikasjonar:
- Sivilingeniør eller ingeniør innan bygg
- Minimum 5 års erfaring innan konstruksjonsfaget
- Praktisk og analytisk innsikt
- God kunnskap om bruk av digitale teiknings-, modellerings- og berekningsverktøy (Revit, FEM-Design 3D- Structure, G-Prog, etc.)
- God kjennskap til gjeldande byggstandardar
- God formidlingsevne på norsk -- munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
- Positiv og engasjert
- Sjølvstendig og løysingsorientert
- Initiativrik og ansvarleg
Kontorstad Ålesund eller Ørsta.
Kan det vere at det er deg vi leitar etter? For meir informasjon kontakt dagleg leiar Tor Egil Meland på Logg inn for å se kontaktinformasjon, eller send mail til Logg inn for å se kontaktinformasjon. Førespurnader med søknad og CV prioriterast.
Adresse: 6150 Ørsta