Det er ledig ein 50 % fast stilling som miljørettleiar ved Voss barnevernsteneste frå 1. januar 2020. Stillinga er nyoppretta.
Om arbeidsstaden
Voss barnevernsteneste samarbeider med Forandringsfabrikken og Barnevernproffene og er ein "Mitt Liv" kommune.
Me som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å vise:
-Openheit, ved å vera ærlege og gi informasjon
-Kjærleik, ved å bry oss og vise menneskevarme
-Me har som mål å vere audmjuk, ved å tru på barn, vere lyttande og engasjerte
-Me vil praktisere medbestemming, ved å ta barn og unge med på avgjersler og be dei om tilbakemelding
Som miljørettleiar vil ein arbeide tett med både sakshandsamarane, familieterapeutane og miljøarbeidar ved barnevernstenesta.
Arbeidsoppgåver
- Miljøterapi i familiar i og utanom heimen
- Tilsynsoppgåver i heimar og på samvær
- Generelt familie- og nettverksarbeid
- Skriftleg dokumentering av arbeidet
- Arbeid på ettermiddag- og kveldstid må påreknast
Me søkjer
Fagleg kompetanse:
- 3-årig barnevernfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog eller sosionom
- Gjerne vidareutdanning i miljø- eller familieterapi
Me ynskjer søkjarar med:
- Erfaring frå arbeid med born og familiar
- Gode samarbeidsevner
- God skriftleg framstillingsevne
- Førarkort, klasse B
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Adresse: Barneverntenesta