Voss kommune

Statlig / Offentlig / Kommunal sektor
Voss er en kommune i Hordaland. I nord grenser den til Vik, i øst mot Aurland og Ulvik, i sør mot Granvin og Kvam og i vest mot Vaksdal. Voss er innlandskommune og er med sine 1 805 kvadratkilometer den største kommunen i Hordaland fylke. Bergensbanen og Voss stasjon ligger ved kommunens sentrum. Mot slutten av 1800-talet ble de første små industribedriftene grunnlagt. Vossevangen ble lagt i grus under bombing i 1940, men ble senere gjenreist som en moderne småby. Jorda og skogen har tradisjonelt vært det viktigste næringsgrunnlaget, men Voss har og en mangfoldig industri. Handel, turisme og dessuten ulik tjenesteyting er likevel de næringene som gir arbeid til størstedelen av de som bor i kommunen. Voss Fjellheisar er et populært skiheisanlegg og er Hordalands største skianlegg. På Voss ligger Bømoen, en norsk militærleir som i de senere år har vært vintertreningssenter for NATO-allierte. Voss har rike kulturtradisjoner innen kunst, kultur, musikk og mat. De blir stadig holdt i hevd, både gjennom enkeltpersoner, institusjoner som Ole Bull Akademiet og gjennom de mange festivalene som bl.a. Vossajazz. På den andre siden er Voss og i første rekke når det gjelder nye ting, både innen teknologi, moderne brukskunst, idrett, nye aktiviteter osv. Befolkning 13 768 (2008)
Les mer
Logg inn for å få full tilgang
Er du interessert i arbeidsgivere som denne? Da bør du opprette din profil slik at arbeidsgivere kan oppdage deg. Vi vil også tipse deg om relevante jobbmuligheter.
Ikke medlem? Registrer deg gratis her!
Bedriftsprofil
Her kan du lese om jobbmuligheter og
ledige stillinger

Ledige stillinger hos Voss kommune

Vil du bli vår nye politiske sekretær? Voss kommune og Granvin herad slår seg saman i januar 2020, og vi skal tilsette politisk sekretær i 100% f ast stilling så snart som mogeleg i forkant av samanslåinga.Om arbeidsstadenInnbyggjarservice vert ei serviceavdeling i Rådmannen sin stab, Tinghuset. Politisk sekretariat er ei av oppgåvene i avdelinga. Avdelinga får travle og varierte arbeidsdagar og vil legge vekt på god kommunikasjon og service. Inntil kommunesamanslåing 1.1.2020 er stillinga plassert i avd. Dokumentsenter, Rådmannen sin stabMe tilbyrEin trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår Høve til å påverka eigen arbeidskvardag Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverkArbeidsoppgåverFør- og etterarbeid for møter i politiske utval Ansvarleg for elektronisk løysingar som eMeetings og KommuneTV Møtesekretær i kommunestyre og formannskap Rådgjeving og løpande kontakt med ordførar og rådmann Godtgjersle/tapt arbeidsforteneste til politikarane Økonomioppfylging Sakshandsaming og rådgjeving etter kommunelova mm. Oppfylging og ajourhald av oversikter knytt til val og politiske utval Kvalitetssikring og vidareutvikling av system, prosedyrar og rutinar.Det må påreknast arbeid ut over ordinær arbeidstid i samband med avvikling av politiske møterMe søkjer deg som harutdanning på høgskulenivå innan relevant fagområderelevant arbeidserfaring kan veie opp for manglande formalkompetansegod brukarkunnskap innan IKTgod kjennskap til offentleg forvaltninggod økonomiforståinggode norskkunnskapargod skriftleg og munnleg formuleringsevnekompetanse (ønskeleg) innan Kommunelova, forvaltningslova, offentleglova m.fl.Det vert og lagt vekt på personlege eigenskapar hos søkjarSøknadKommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld alder, kjønn og kulturelt mangfald.Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Adresse: Dokumentsenteret
20.08.2019
Om arbeidsstadenStabsavdelinga Strategi og styring er ei ny stabsavdeling i Voss herad, og vil organiserast i to underavdelingar, der i blant avdelinga Økonomi. Me søkjer no etter ein leiar for denne avdelinga. Leiarstillinga vil kombinerast med anna arbeid i stabsavdelinga. Over tid er det venta at oppgåvene vil fordela seg 50-50 mellom leiaroppgåver og andre oppgåver i stabsavdelinga. Oppstart vil vera seinast 1.januar 2020.Avdelinga vil vera både motoren og utførarleddet i økonomiske transaksjonar i kommunen, og at desse vert gjort rettvis. Det gjeld oppgåver som rekneskap, innfordring, skatt, finans, eigedomskatt og føring for andre einingar etter avtale. Staben skal jobba for å gjere andre gode, gje god service og legge til rette for høgast mogleg verdiskaping. Avdelingsleiaren vil ha ansvar for resultat, fag, personal og økonomi for avdelinga, og rapportere til stabssjef for strategi og styring. Avdelinga omfattar nær 10 personar. Me ser etter deg som vil stå i spissen for å gjere forbetringar innafor den handlingsramma me har.Hovudarbeidsoppgåver" Fagleg leiing og vidareutvikling av avdelinga " Administrativ leiing av avdelinga " Personalansvar for tilsette i avdelinga " Sørga for målretta og effektive rutinar og system for føring av rekneskap, innfordring og årsavslutning " Utvikling av økonomiske styringsmål og rapportering " Leie arbeidet med digitalisering av arbeidsprosessar innan fagfeltet " Sikre gode leveransar gjennom dei tilsette " Leie avdelinga mot måla til Voss herad " Anna arbeid i avdelingaDu må vera" Engasjert og framtidsretta " Målretta og påliteleg " Ein god og tydeleg leiar " Fagleg sterk - teoretisk og analytiskKvalifikasjonar" Utdanning på høgare nivå innan økonomi/rekneskap " Leiarutdanning/-kurs eller erfaring " Har evne til å motivera og skape eit godt samarbeidsklima " Har evne til å leia tilsette i ein organisasjon i endring " Arbeider sjølvstendig " Erfaring med kommunerekneskap er ein fordelMe tilbyrEin trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår Høve til å påverka eigen arbeidskvardag Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling Gode forsikrings- og pensjonsordningar Løn etter kommunalt avtaleverkSøknadSøk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Adresse: Rådmannen sin stab
20.08.2019
100% fast stillingMe treng ein dyktig medarbeidar som kan gi brukarstøtte og rådgjeving til våre leiarar innan arbeidstidsplanlegging og ressursstyring ved bruk av GAT. Stillinga er organisert under kommunalavdeling helse og omsorg, men vil bistå inn mot alle kommunalavdelingane.ArbeidsoppgåverBrukarstøtte og rådgjeving til leiarar i organisasjonen vår innan arbeidplanlegging og ressurstyring ved bruk av GAT Bistå med andre brukarstøtteoppgåver innan områda HR og økonomi Gi opplæring til leiarane Bidra til vidareutvikling og forbetring av system og prosessarKvalifikasjonarDet vert lagt vekt på leiarerfaring og kompetanse innan ressursstyring og arbeidstidsplanlegging Erfaring i bruk av GAT som leiarverktøy Kjennskap til lov og avtaleverk som regulerer tilsetjings- og arbeidsforhold Fordel med kjennskap til HR- og lønssystemet Visma Enterprise HRM God systemforståing og IT-kompetanse Gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Krav til relevant utdanning frå Høgskule/universitetPersonlege eigenskaparServiceinnstilt og imøtekommande Evne til raskt å setja seg inn i nye system og prosessar Du må vera løysingsorientert, strukturert og kunne jobba sjølvstendig Du må trivast med å jobba saman med andre og ha gode kommunikasjonsevner Ha stor grad av fleksibilitet og godt humørMe tilbyrlønn etter avtaleeit godt tverrfagleg og sosialt miljøgode forsikrings- og pensjonsordningarfleksitidSøknadSøk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju. Adresse: Kommunalavdeling helse og omsorg
22.08.2019
Me treng ein dyktig medarbeidar som kan gi brukarstøtte og rådgjeving til våre leiarar innan arbeidstidsplanlegging ogressursstyring ved bruk av GAT.Stillinga er organisert under kommunalavdeling helse og omsorg, men vil bistå inn mot alle kommunalavdelingane.ArbeidsoppgåverBrukarstøtte og rådgjeving til leiarar i organisasjonen vår innan arbeidplanlegging og ressurstyring ved bruk av GATBistå med andre brukarstøtteoppgåver innan områda HR og økonomiGi opplæring til leiaraneBidra til vidareutvikling og forbetring av system og prosessarMe treng ein dyktig medarbeidar som kan gi brukarstøtte og rådgjeving til våre leiarar innan arbeidstidsplanlegging ogressursstyring ved bruk av GAT.Stillinga er organisert under kommunalavdeling helse og omsorg, men vil bistå inn mot alle kommunalavdelingane.ArbeidsoppgåverBrukarstøtte og rådgjeving til leiarar i organisasjonen vår innan arbeidplanlegging og ressurstyring ved bruk av GATBistå med andre brukarstøtteoppgåver innan områda HR og økonomiGi opplæring til leiaraneBidra til vidareutvikling og forbetring av system og prosessarKvalifikasjonarDet vert lagt vekt på leiarerfaring og kompetanse innan ressursstyring og arbeidstidsplanleggingErfaring i bruk av GAT som leiarverktøyKjennskap til lov og avtaleverk som regulerer tilsetjings- og arbeidsforholdFordel med kjennskap til HR- og lønssystemet Visma Enterprise HRMGod systemforståing og IT-kompetanseGode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar, både skriftleg og munnlegKrav til relevant utdanning frå Høgskule/universitetPersonlege eigenskaparServiceinnstilt og imøtekommandeEvne til raskt å setja seg inn i nye system og prosessarDu må vera løysingsorientert, strukturert og kunne jobba sjølvstendigDu må trivast med å jobba saman med andre og ha gode kommunikasjonsevnerHa stor grad av fleksibilitet og godt humørMe tilbyrlønn etter avtaleeit godt tverrfagleg og sosialt miljøgode forsikrings- og pensjonsordningarfleksitid Adresse: 5701 Voss
22.08.2019 Voss
Om arbeidsstadenVoss Sjukeheim er ein instutisjon som ligg under Område Vest. Voss Sjukeheim ligg vegg i vegg med Voss Sjukehus og er i gangavstand fråVoss Sjukehus. Voss Sjukeheim består av 3 etasjar. 4. og 3.etasje er langtidsavdlingar med 29 pasientrom i kvar etasje. 2. etasje er korttidsavdling med 14 pasientrom, samt 3 interkommunale ØH-senger.etg er Voss Kommune si korttidsavdling. Her er det høg fagdekning beståande av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar, ergoterapeutar og pleiemedhjelparar. Og me har alltid lærlingar og elevar. I tillegg har me eigen sjukeheimslege 5 dagar i veka, med kontorlokale i avdelinga. Me har eit godt arbeidsmiljø med mykje faglege diskusjonar. Me jobbar alltid for å tilby best moglege tenestar til våre brukarar, og set pasientsikkerheit i fokus. Me jobbar med aktive primærkontaktroller, har tavlemøter, og pasientsikkerheitsvisittar i alle etasjar, og finn på mykje lott og løye for både brukarar og tilsette. Me ynskjer at alle våre tilsette skal delta aktivt og bidra med sine eigen interesser og ressursar, slik at me saman kan gjere kvardagen for våre brukarar innhaldsrik og meiningsfull.ArbeidsoppgåverMe arbeider etter primærsjukepleieprinsippet, og våre sjukepleiarar har gruppeansvar for fleire rom i avdelinga -Yte best mogleg sjukepleie til brukararne ved å vere fagleg dyktig, ivareta brukaren sine behov for individuell, heilskapeleg omsorg, og medverknad til eiga helsehjelp.Bidra i stell i det daglege, i tillegg til ansvarsvakter som sjukepleiar dag, kveld og helg. Vakter knytt til Øh-sengene er merka i turnusUtarbeiding av tiltaks- og pleieplanarLegevisittansvar og legemiddeladministreringVegleiing av lærlingar, studentar, og elevarVera medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø, bidra med godt humør og engasjement.Tverrfagleg samarbeid mellom yrkesgrupper, og tilsette på huset for å gje best mogleg tilbod til bebuarane.Vere ein pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenester, kome med rettleiing og tilbakemelding, søkja kompetanseheving, og ta del i internundervisningsopplegg på avdelinga.Koordinering av korttidsopphald og vedtakMe søkjerSjukepleiar med norsk autorisasjon som er fagleg dyktig, og gjerne med vidareutddaning innan akuttmedisn, geriatri, palliasjon, velferdsteknologi, eller anna relevant utdanning. Du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norsk kunnskapar både skriftleg og muntleg.Som sjukepleiar i 2.etasje jobbar du tett ilag med fleire yrkesgrupper for å gje våre brukarar trygge og kvalitetssikra tenester i alle ledd. Du må vere fleksibel, villeg til å ta ansvar, kunne delegere og administrere oppgåver og bidra til eit positivt, utviklande og spennande fagleg miljø i avdelinga. All erfaring frå pasientsikkerheitsarbeid, forbetringsarbeid og anna relevant kunnskap vert sett pris på, då me alltid jobbar aktivt med dette i våre tenester. Me set brukarane i sentrum, og ynskjer styrke brukarmedverknaden og tilby individretta tenester utifrå kvar enkeltes ynskje. Du må ha vilje til å lære nye ting, ynskje kompetanseheving, og vere med å retteleie studentar og lærlingar.Me etterstrebar tilrettelagte turnusar for alle våre tilsette, og jobbar i årsturnus som sikrar god vaktbelastning og forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Søkjar kan ynskje seg 2-delt eller 3-delt turnus. Ynskjer om stillingsstorleik blir etterspurt på intervju. Personlege eigenskapar vert vektlagt, og ansettingar kan skje fortløpande.Me tilbyrgode vilkår for fagleg utviklingeit godt tverrfagleg og sosialt miljøgode forsikrings- og pensjonsordningarløn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkårSøknadSøk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller takast med ved evt. intervju. Adresse: Voss sjukeheim
25.08.2019
Det er ledig eit vikariat i 100 % stilling som spesialpedagog i barnehage frå d.d. til 31.07.2020, med mogleg forlengingOm arbeidsstadenStillinga er administrativt lagt under Voss barnehage. Då tenesta er i stadig utvikling, må endringar i organisering, ansvar og arbeidsoppgåver kunne påreknast.ArbeidsoppgåverStillinga er knytt til barnehagebarn som har fått vedtak om spesialpedagogisk hjelp i kommunale og private barnehagar i Voss kommune / frå 1.1.2020 i Voss herad. Det er ein del køyring mellom ulike barnahagar.Spesialpedagogisk arbeid i barnehagarSystemarbeidUtarbeiing av innhald og arbeidsmetodarDokumentasjon- og kartleggingskompetanseTverfagleg samarbeidMe søkjerMe søkjer barnehagelærar som har spesialpedagogisk utdanning, 60 studiepoeng. Det er ynskjeleg at du har kompetanse innan det spesialpedagogiske feltet og har erfaring med barn med særlege behov. Søkjarar med anna relevant kompetanse kan også bli vurdert.Erfaring frå arbeid med barn med særskilde behovErfaring med tverrfaglig samarbeidYnskjeleg med rettleiingskompetanseYnskjeleg med leiarerfaringYnskjeleg med erfaring frå administrativt arbeidGode IT- kunnskaperFørarkort klasse BPersonlege eigenskaparTrygg og tydeleg vaksenperson i samhandling med barnDu er ansvarsbevisst, løysningsfokusert og fleksibelDu er positiv og har godt humørDu har gode samarbeidsevner, jobbar sjølvstendig og har evne til å skapa gode relasjoner til barn, foreldre og andre samarbeidspartarPersonlege eigenskapar vil bli vektlagtGodkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga Hugs å gje opp referansarMe tilbyrgode vilkår for fagleg utviklingeit godt tverrfagleg og sosialt miljøgode forsikrings- og pensjonsordningarløn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkårSøknadVoss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Adresse: Voss barnehage
29.08.2019
Det er ledig 2 faste stillingar som barnevernkonsulent ved Voss barnevernteneste frå september 2019. Stilling nr. 1 er ei 100 % stilling. Stilling nr. 2 er 50 % fast, men med atterhald kan denne bli auka til 100 % stilling.Om arbeidsstadenVoss barnevernteneste samarbeider med Forandringsfabrikken og Barnevernproffene og er ein "Mitt Liv" kommune.Me som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å vise: -Openheit, ved å vera ærlege og gi informasjon -Kjærleik, ved å bry oss og vise menneskevarme -Me har som mål å vere audmjuk, ved å tru på barn, vere lyttande og engasjerte -Me vil praktisere medbestemming, ved å ta barn og unge med på avgjersler og be dei om tilbakemeldingBarneverntenesta er organisert i eit mottak/undersøkingsteam og eit tiltaksteam.ArbeidsoppgåverBegge stillingane inneber sakshandsaming etter Lov om barneverntjenester og er tillagt ansvar og arbeidsoppgåver som krev barnevernfagleg kompetanse.For stilling nr. 2 vil arbeidsoppgåvene innehalde rettleiing og miljøterapeutisk arbeid direkte inn i heimane. Noko kveldsarbeid må påreknast.Då barnevernstenesta er i stadig utvikling, må endringar i ansvar og arbeidsoppgåver kunne påreknast.Me søkjerFagleg kompetanse: 3- årig sosial- eller barnevernfagleg høgskuleutdanning, evt. anna relevant høgskuleutdanning Relevant tilleggsutdanningMe ynskjer søkjarar med:Erfaring frå arbeid i kommunal barneverntenesteFørerkort, klasse BKjennskap til dataprogrammet "Familia" er ein føremonDet vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjingMenn vert oppmoda om å søkjaGodkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga. Hugs å gje opp referansarMe tilbyrgode vilkår for fagleg utviklingeit godt tverrfagleg og sosialt miljøgode forsikrings- og pensjonsordningarløn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkårSøknadSøk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Adresse: Barneverntenesta
29.08.2019
Det er ledig inntil 60 % mellombels stilling som fagarbeidar/assistent ved Gjernes skule frå 12.9. 2019 / snarast og til 31.7.2020.Om arbeidsstadenGjernes skule er ein 1-7 skule som ligg omlag 1,5 km sør for Vossevangen. Dette skuleåret har me 22 tilsette og 130 elevar. Me har eit godt arbeids- og læringsmiljø ved skulen. Vossaskulen skal jobbe med digital satsing og fagfornying skuleåret 2019/2020.ArbeidsoppgåverStillinga er knytt til oppfølging av barn med særskilde behov, med vekt på pleie og omsorg i skule/SFO. Stillinga fylgjer ordinært arbeidsår.Me søkjerMe søkjer fortrinnsvis ein person med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Andre søkjarar kan også bli vurdert.Me søkjer ein person som:har erfaring med barn med særskilde behover fleksibelkan samarbeide tverrfagleg om eit heilskapleg tilbodGodkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga Hugs å gje opp referansarMe tilbyrgode vilkår for fagleg utviklingeit godt tverrfagleg og sosialt miljøgode forsikrings- og pensjonsordningarløn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkårSøknadVoss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste. Adresse: Gjernes skule
03.09.2019

Rekrutteringskalender

  • AUG 20
    2019
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • AUG 22
    2019
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • AUG 25
    2019
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)

Registrer deg i CV databasen!

Opprett en brukerkonto, og del din CV og kandidatprofil slik at aktuelle arbeidsgivere får tilgang til deg dersom du matcher en nåværende eller fremtidig jobbmulighet.

  • Opprett en profesjonell kandidatprofil
  • Del profilen med aktuelle arbeidsgivere
  • Bli oppdaget av hodejegere

Fakta om Voss kommune