Beskrivelse avdeling
Dei seks Hallingdalskommunene Flå, Nes, Gol, Hemsedal, Hol og Ål søker etter Klinisk ernæringsfysiolog. Stillinga er ei vidareføring av eit toårig prosjekt "Kosthald og ernæring i Hallingdall".
Det vert søkt etter klinisk ernæringsfysiolog i 60% fast stilling. Stillinga er ein del av Hallinghelse, det interkommunale helsesamarbeidet i Hallingdal.
Ål kommune er administrativ vertskommune for stillinga.
Arbeidsoppgåver
Gje veiledning og råd om kliniske problemstillingar til personell i kommunane
Styrke kompetansen på kosthald i kommunal helse- og omsorgsteneste
Gje innspel til rutinar og prosedyrar om kosthald
Samarbeide med tilgrensande Hallinghelse-prosjekt og interkommunale samarbeidsfora i Hallingdal.
Kvalifikasjonar
Utdanning som klinisk ernæringsfysiolog
Førarkort kl B og eigen bil
Personlege eigenskapar
Vi søker ein person som:
Har erfaring frå kosthaldsarbeid både i kommunar og føretak
Er strukturert og har god gjennomføringsevne
Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner
Har evne til å jobbe sjølvstendig og i ulike samarbeidsrelasjoner
Me tilbyr
Tverrfagleg arbeidsmiljø
Løn etter avtale
Fleksibel arbeidstid
Hjelp til å skaffe bustad
Send søknad
Elektronisk søknad via Ål kommune si heimeside.
Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i såfall få varsel om.
Adresse: Hallinghelse