Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon69 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter ein politiførstebetjent innan utlendingskontroll ved seksjon for utlendingskontroll og grensekontroll, Møre
og Romsdal politidistrikt.
Vi ser etter deg med stor vilje- og evne til å lære, og som sjølv er positiv miljøskapar. Du har også god formidlingsevne og evne til å
arbeide sjølvstendig og strukturert. Du er trygg på seg sjølv i kontrollsituasjonar,
som instruktør og som representant for politiet opp mot aktørar på ulike nivå.
I stillinga skal ein mellom anna bistå med fag- og metodeutvikling innanfor
utlendingskontroll, bidra til at utlendingskontrollar gjennomførast
kunnskapsbasert, og vere utlendingskontakt og etterretningspunkt innanfor
utlendingsfeltet.
Seksjonen består av høgt motiverte menn og kvinner med veldig godt arbeidsmiljø, og er ute etter deg som bidrar til å styrkje dette. Vi
arbeider med to fagfelt som er høgt prioriterte både sentralt og lokalt, og har
godt og tett samarbeid med andre driftseiningar, særorgan og eksterne
aktørar. Det er tidvis høgt arbeidspress som stiller krav til
fleksibilitet og sjølvstendigheit, der alle må kunne fylle fleire funksjonar.
Det er ein ypparleg arbeidsplass for lærevillige med stor arbeidslyst, der
arbeidsmiljøet er prega av gjensidig ønske om utvikling og å gjera kvarandre
gode.
Vi ønskjer mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med bakgrunn/erfaring/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før. Seksjon for utlendingskontroll og grensekontroll er organisert under felles eining for utlending, forvaltning
og sivil rettspleie (FUFSR), med oppmøtestad i Ålesund og Kristiansund. I
stillinga må ein rekne med reise i heile fylket og tidvis arbeid på ulike
arbeidsstadar.
Stillinga må søkjast på elektronisk. Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden. Originale attestar og vitnemål eller rett kopi som stadfestar kompetanse og ansiennitet skal takast med til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Kunnskapsstyre utlendingskontrollar i Møre og Romsdal
- Utlendingskontakt og etterretningspunkt innanfor utlendingsfeltet
- Fag- og metodeutvikling utlendingskontroll
- Opplæring og rettleiing av andre innan fagfeltet
- Opprette og gjennomføre bort- og utvisingssakar
- Planleggje og gjennomføre uttransportar
- Koordinere og kvalitetssjekke etterforsking av brot på Utlendingslova
- Koordinere og saksbehandle utleverings- og overleveringssaker
Kvalifikasjonar
Nødvendige kvalifikasjonar:
- Fullført og bestått politi(høg)skule
- Minimum to års erfaring frå utlendingskontroll
- Operativ godkjenning i minimum kategori 4 eller vere kvalifisert og villig til å bli IP-godkjend
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- God IKT-kompetanse og kjennskap til politiet sine IKT-verktøy
- Må kunne klarerast frå "HEMMELIG" jf. sikkerhetsloven.
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetjing, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.
Ønskelege kvalifikasjonar:
- Vidareutdanning/kurs innan utlendingsfeltet
- Erfaring frå etterretning og/eller etterforsking
- Erfaring med pedagogikk/fagleiing
- Fleirspråkleg
- Brei erfaring med politiet sine register og opne kjelder
Personlege eigenskapar
- Du har evne og vilje til læring og utvikling og tar initiativ til eiga læring
- Du bidrar positivt til arbeidsmiljøet gjennom humør, åtferd og engasjement.
- Du kan arbeide sjølvstendig
- Du er pliktoppfyllande med evne til å arbeide strukturert og med god gjennomføringskraft
- Du har god stressmestringsevne
- Du har god formidlingsevne/kan overføre kompetanse til andre
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
- Fast stilling som politiførstebetjent (SKO 0285) i Møre og Romsdal politidistrikt.
- Lønsplassering - løn frå 498 800 (fra ltr 56)
- Endeleg plassering av løn er avhengig av erfaring, kvalifikasjonar og ansiennitet.
- Godtgjering etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste.
- Tilsetjing etter gjeldande regelverk, lov om statens ansatte, personalreglement mv.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK) med gode pensjons- og forsikringsordningar. Sjå www.spk.no for meir informasjon. Det trekkast to prosent av løna til SPK.
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste.
- Mogelegheit til trening i arbeidstida
Kontaktinformasjon
Svein Rike, Seksjonsleiar utlendings- og grensekontroll, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Møre og Romsdal
6001
Søk på stillinga:
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Møre og Romsdal politidistrikt
Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon69
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 05.01.2021