Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsbeskrivelse
Org. nr: - Stillingsident: Logg inn for å se kontaktinformasjon40 Presentasjon av stillingen: Kjøkken og kantine SNR søkjer etter assistent i 50% stilling fast. Seksjonen består av kjøkken/kantine Kristiansund sykehus, Molde sjukehus, Knausensenteret og produksjonskjøkkenet på Hjelset.Arbeidsplassen vil pt vere både på Hjelset og Molde sjukehus.
Arbeidsoppgåver
Produksjon/ førebuing av måltid
Utporsjonering av måltid
Oppvask og generelt reinhald
Varemottak
Kvalifikasjonar
Relevant praksis
Svært god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk
Gode samarbeidsevner
Vere strukturert
Personlege eigenskapar
Må vere ansvarsbevisst og ha høg arbeidsmoral
Må trivast i eit aktivt og til tider travelt arbeidsmiljø
Må like utfordringar og vere fleksibel
Må like å arbeide i team
Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetjing
Vi tilbyr
Ein arbeidsplass med høgt faglig nivå og trivelig arbeidsmiljø
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester
til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein
skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal
få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og
utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har
vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!
Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.