Haram kommune - vil du vere med å bygge ein ny kommune?
Frå 01.01.2024 blir Ålesund Kommune delt i to, og Haram blir eigen nyoppretta kommune.
Kommunalområdet Eigedom og tekniske tenester søkjer ein løysingsorientert leiar for tenesteområdet Eigedom. Tenesteområdet har ansvar for kommunens eigedom og byggforvaltning, teknisk drift og vedlikehold (FDV) samt reinhald. Tenesteområdet har også ansvar for å bidra inn i oppfølging av kommunens eigedomsprosjekter.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med vekt på å skape gode heilskapelege tenester. Vi har særleg fokus på å spele kvarandre gode og arbeide på tvers for å levere god kvalitet for innbyggarar og næringsliv. Kommunen leggjar stor vekt på service, samarbeid og god dialog med dei partar som vert påverka. Tenesteleiaren vi søkjer har kunnskap om kommunens tenesteleveranser, er ein lagspelar, evner å skape gode samarbeidsrelasjoner i eit tverrfagleg miljø og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
Du vil ha fagleg ansvar for produksjon og resultat på tenesteområdet. Du vil ha personalansvar for medarbeidarane dine, og ansvar for å sikre rett kompetanse og fagleg utvikling på tenesteområdet. Du vil samarbeide tett med de andre tenesteleiarane med mål om å spele kvarandre gode, skape synergier og samarbeid på tvers av tenesteområdene. Du vil her få medverke til korleis den nye kommunen best kan løyse sine oppgåver innanfor fagområde i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Leie, planleggje, koordinere og legge til rette for arbeidet i dei ulike tenestene.
- Ivareta koordinering, samarbeid og samhandling med interne og eksterne instansar.
- Ivareta drifta i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningslinjer.
- Sørge for å inkludere og ivareta medarbeidarane sine evne til å meistre sine arbeidsoppgåver.
- Tenesteleiar har personal-, resultat- og fagansvar.
- Tenesteleiar skal syte for leiing og kvalitetsarbeid
- Delta i leiargruppe og følgje opp med planlegging og rapportering til kommunalsjef
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning gjerne på masternivå. Relevant erfaring kan veie opp for utdanningskravet.
- Erfaring frå leiing med personalansvar
- Erfaring frå sakshandsaming på tenesteområdet
- God økonomiforståelse
- God kjennskap til beslutningsprosessar og lovverk på tenesteområdet
- God kjennskap til politiske prosessar
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
For stillingane vil det bli lagt vekt på at ein er personleg eigna. Vi setter pris på at du:
- har en åpen og inkluderande veremåte
- har evne til å etablere gode samarbeidsrelasjonar i et tverrfagleg miljø
- engasjerer deg fagleg i kommunen og tenesteområdets oppgåver
- er strukturert og har god evne til å prioritere, fordele og delegere
- vektlegg å ha overblikk i saker, roller og oppgåver
- evne til å handtere komplekse sakar og prosessar
- evnar å sjå moglegheiter for forbetring og forenkling
- vilje og interesse for utvikling av organisasjon og medarbeidar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Tester kan bli anvendt.
Vi tilbyr
- Interessante faglege utfordringar i ein organisasjon som skal byggjast
- Tverrfagleg samarbeid og kompetanse utvikling
- Leiing av engasjerte og dyktige medarbeidere
- Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg. Gratis parkering i parkeringshuset vårt.
- Løn etter avtale. Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Adresse: Brattvåg