Vestland fylkeskommune skal sikre og utvikle gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde. Dei regionale tenestene til innbyggarane, organisasjonar og næringslivet skal vidareutviklast med høg kvalitet. Fylkeskommunen skal sikra ein framtidsretta infrastruktur, med mål om betra samband internt i regionen og gode kommunikasjonar mot resten av landet, og ut i Europa. Den nye fylkeskommunen skal bidra til å bygge ein sterk felles kultur og identitet i fylket, samtidig som innbyggarane si tilknyting til lokalsamfunna vert tatt vare på.
Er du 1.- 5 års student eller heilt nyutdanna innan ingeniør-/teknisk fagretning, og ynskjer deg ein relevant og utfordrande sommarjobb innan infrastruktur og veg, då må du sjå her:
På avdelinga for infrastruktur og veg (INV) tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Fylkesvegane knyter fylket saman og skal fungere som ei trygg og føreseieleg ferdselsåre. Visjonen vår er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvennleg vegsystem som dekker samfunnet sitt behov for transport og fremmer regional utvikling.
Avdelinga søkjer for sommaren 2024 inntil 13 studentar til fleire av einingane våre med arbeidsstad anten i Bergen eller Leikanger. Vi tilbyr varierte oppgåver der du vil ha din arbeidskvardag både inne på kontoret og ute på oppdrag.
Vi ber deg skrive i søknaden kva eining og lokasjon du ønskjer å søkje på, samt kva tidsperiode du kan arbeide i.
Arbeidsoppgåver
- Ved eninga for geo - og skred vil du arbeide med geotekniske, ingeniørgeologiske og vegtekniske oppgåver innan drift - og vedlikehald, bistå i akutte skredhendingar på veg, samt andre relevante geofaglege og vegteknologiske oppgåver. Arbeidsstad er anten Bergen eller Leikanger
- Ved geodata vil du arbeide med oppgåver som t.d ajourhald av nasjonal vegdatabank, ulykkesanalayser og trafikktelling. Arbeidsstad er anten Bergen eller Leikanger
- Eininga vedlikehald Nord har oppgåver knytt til inspeksjon på bruer og det er ønskelig at du som søker har fagretning innan konstruksjonsteknikk ( ingeniør bygg). Arbeidsstad er anten Bergen eller Leikanger
- Eininga geomatikk har spennande oppgåver knytt til landmåling/geomatikk - gnss / kikert / skanner /drone, etterarbeid knytt til berekningar, samt ajourhald/kontroll av data og stadfesta informasjon. Arbeidsstad er anten Bergen eller Leikanger
- Ved eininga forvaltning Bergen kan du arbeide med oppgåver innan følgande fagområder (arbeidsstad Bergen): Trafikkteknikk: Trafikkanalyser og trafikkmodellering, trafikksikkerhetsanalyse, registrering og analysearbeid og eventuelle caseoppgaver. Arealplangruppe: Saksbehandling i henhold til veglova og plan- og bygningslova, registrering og analysearbeid.
Kvalifikasjonar
- Pågåande eller fullført relevant utdanning på bachelor/master-nivå
- Gode datakunnskapar
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har høg grad av evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.
Vi tilbyr
- ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- god opplæring og fadderordning
- eit triveleg og inkluderande fagmiljø
- spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
Kontaktinformasjon
Jan Ove Stadheim, Leiar geodata,
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Odd-Sverre Johansen, Leiar grunnerverv,
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Mats Korneliussen, Leiar forvaltning Bergen,
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Jorunn Hillestad Sekse, Leiar vedlikehald Nord,
Logg inn for å se kontaktinformasjon
Stein Olav Njøs, Leiar geo - og skred,
Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon25
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 07.01.2024
Logg inn for å se kontaktinformasjon