Region Midt-Norge, med tilsaman 200 tilsette, er ein av seks produksjonsregionar i Statkraft. Fire kraftverksgrupper har ansvar for drift og vedlikehald av 34 kraftverk og tre vindparkar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Finnmark. Kraftverksgruppe Sogn er organisert i tre vedlikehaldsgrupper, Jostedal, Vik og Høyanger, og har til saman 39 tilsette.
Kraftverksgruppe Sogn søker etter lærling i energioperatørfaget til vedlikehaldsgruppene Vik ogHøyanger.
Vi søker først og fremst etter personar med skulebakgrunn frå VG2 Elenergi.
Vi har konkurransedyktige vilkår, gode forsikringsordningar og gode velferds- og fritidstilbod.
For fleire opplysningar, ta gjerne kontakt med kraftverkssjef Tanja Mari Fiskaa Haugen, vedlikehaldsleiar i Vik, Odd Bjarte Turvoll og vedlikehaldsleiar i Høyanger, Torbjørn Mannsåker.
Statkraft tilbyr:
- Fagleg og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
- Eit godt arbeidsmiljø prega av kompetanse, ansvarskjensle og nyskaping
- Mangfold med hensyn til kjønn, alder og kulturell bakgrunn
- Konkurransedyktige betingelsar og gode velferdsordningar