Helse Fonna søkjer onkolog til fast stilling. Klinikken har eit tett og godt samarbeid med Haukeland universitetssjukehus på dette området. Føretaket søkjer onkolog med generell kompetanse, der spesialkompetanse innan gastro-onkologi er ein fordel.
Det blir gitt cellegift ved alle sjukehus i føretaket: Haugesund, Stord og Odda. Totalt ca. 2000 kurar kvart år. Dei fleste pasientane høyrer til innan fagområda gastro, mammae, lunge, gynekologi og hemtaologisk. Helse Fonna har ikkje stråleterapi. Den som blir tilsett må pårekne reiseverksemd til Odda og Stord sjukehus.
Arbeidsoppgåver
- Onkologen skal arbeide som spesialist innan fagområdet, på poliklinikk og onkologisk dageining.
- Onkologen skal delta i tverrfaglege team i diskusjonar omkring behandling av kreftpasientar.
- Onkologen vil vere ein sentral person i arbeidet med utviklinga av tilbodet til kreftpasientar.
- Arbeidsstad vil vere ved Haugesund sjukehus, men det kan bli aktuelt med ambulering til dei andre sjukehusa i føretaket etter nærare avtale.
Kvalifikasjonar- Norsk godkjenning som spesialist i onkologi innan oppstart i stillinga.
- Onkolog med erfaring frå norske sjukehus vil ha eit fortrinn.
- Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg.
- Søkjar må ha kunnskap om EPJ og andre fagsystem
UtdanningsretningUtdanningsnivåPersonlege eigenskapar- Vi ønskjer ein fagleg dyktig medarbeidar med gode evner til kommunikasjon, med pasientar, pårørande og kollegaer.
- Vi ønskjer ein medarbeidar med gode samarbeidsevner og som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.
- Ein medarbeidar som vektlegg å arbeide i team og få til gode resultat i fellesskap med kollegaer.
Vi tilbyr- Ein onkologisk poliklinikk med dyktige, erfarne og sjølvstendige spesialsjukepleiarar.
- Godt samarbeid mellom onkologar og spesialistar innan kirurgiske og medisinske fagområde
- Samarbeidet med Haukaland universitetssjukehus kan gi moglegheit for å delta i forskningsprosjekt. Onkolgen vil også kunne delta i fast undervisningsprogram med HUS.
- Lønn etter avtale
- God pensjonsordning.
- Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Fagleg og personleg utvikling
Andre opplysningar- Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben
Arbeidssted:Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Kontaktinfo:Helge Espelid, Seksjonsleiar og overlege, 52732445
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Fonna
Ref. nr.: 3055420387
Stillingsbrøk: 100%
Fast
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Adresse: 5528 HAUGESUND