<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Tolomarka bufellesskap - Helse og omsorg Kvam herad

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Ønskjer du nye spennande utfordringar og vil du bli ein del av eit tverrfagleg arbeidsmiljø? Er du engasjert, initiativrik og trygg? Då kan du vera den me søkjer etter!

Kvam herad skal etablera eit nytt bufellesskap for menneske med psykisk funksjonshemming i Norheimsund (tidlegare Tolomarka barnehage).
Målet vårt er at omsorgstenesta skal bidra til at dei som bur i bufellesskapet kan leva eit trygt og meiningsfylt liv med aktivitetar som er tilpassa kvar enkelt. Samarbeidet med pårørande skal vera prega av respekt og tillit.

I bufellesskapet vil me ha medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement for å gje eit godt tilbod til denne brukargruppa. Me søkjer deg som er trygg og kan arbeida sjølvstendig. Du må vera i god fysisk form for turar i skog og mark og ha interesse for ulike aktivitetar.

Me søkjer vernepleiarar, helsefagarbeidarar eller andre med miljøterapeutisk utdanning.
Bufellesskapet skal vera bemanna heile døgnet og på alle dagar i året. Me ønskjer fortrinnsvis å tilby heile stillingar med årsturnus. Det er difor viktig at det kjem fram i søknaden om du ynskjer å arbeide ordinær turnus eller lange vakter og kor stor stilling du ynskjer.

Arbeidsoppgåver

  • delta i etablering av bufellesskapet og innflytting av bebuarane
  • oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
  • dagleg miljøarbeid i bustaden
  • delta i eventuelle utgreiingar/rapportering
  • delta på samlingar og aktivitetar med familiar og støttepersonar rundt bebuaren
  • samarbeida med barnehage/skule og andre aktuelle støtteapparat

Kvalifikasjonar

  • Miljøterapeut:
  • sosial- og/eller helsefagleg høgskuleutdanning, fortrinnsvis vernepleiar/sosionom eller anna relevant høgskule/universitetsutdanning
  • erfaring frå liknande arbeid i bufellesskap er ei føremon
  • Miljøarbeidar:
  • fagbrev i helse/omsorgsfag eller barne- og ungdomsarbeid
  • erfaring frå liknande arbeid i bufellesskap er ei føremon
  • erfaring frå anna type relevant arbeid
  • Me ønskjer at du:
  • har kompetanse og arbeidserfaring frå arbeid med menneske med nedsatt funksjonevne
  • har evne til å inspirera, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
  • kommuniserer tydeleg både munnleg og skriftleg
  • har ei strukturert og ryddig arbeidsform
  • det er ei føremon om du har førarkort for personbil

    Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
    Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege Eigenskapar

  • Me legg vekt på personlege eigenskapar som:
  • gode evner til kommunikasjon med bebuarar, pårørande og kollegaer
  • vilje og evne til å læra
  • har eit stort engasjement for målgruppa og
  • byggjer verdifull kompetanse innan omsorgen for menneske med psykisk funksjonshemming
  • lyst til å arbeide i ein kommune som arbeider aktivt for heiltidskultur

Vi tilbyr

  • fast stilling i eit nyoppretta bufelleskap
  • spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • god opplæring i eit profesjonelt fagmiljø
  • løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • gode offentlege pensjons-/og forsikringsordningar

    Generell informasjon:

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

    I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

    Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Elfrid R. Oma, leiar pleie og omsorg, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidsstad

 Norheimsund



Adresse: 5600 NORHEIMSUND


Om arbeidsgiveren

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular.Norheimsund er regionsenteret i kommunen og vart i 2013 tildelt «Statens pris for attraktiv stad». Her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand. Les meir

Les mer om Kvam herad

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Er du god på formidling og motiveres av å jobbe med unge? Vi søker en engasjert og dyktig kollega til
11.05.2025 Oslo
Hæhre Entreprenør er en av Norges største anleggsentreprenører, med 50 års erfaring i bransjen. Vi har spilt en sentral rolle
Fortløpende Hele Norge
Hæhre Entreprenør er en av Norges største anleggsentreprenører, med 50 års erfaring i bransjen. Vi har spilt en sentral rolle
Fortløpende Hele Norge
Vil du være den som legger til rette for at ungdom får en positiv opplevelse med sitt første møte med
11.05.2025 Oslo
Vil du lede engasjerte og dyktige ansatte i et tverrfaglig team for å sikre sterke frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner i
11.05.2025 Oslo
Arbeidsoppgavene er knyttet til vår asfaltvirksomhet/dam
28.05.2025 Sunnfjord
Operativ HMS-stilling i solid fagmiljø
18.05.2025 Hele Norge
I Veidekke er vi opptatt av involvering og samarbeid. Er du engasjert, tar ansvar, og trives i lag med gode
12.05.2025 Gjøvik
Vis alle 32.686 ledige stillinger