Jobbnorge ID: 119142
Ved MST Bergen er det ledig ei fast 100 % stilling som MST-terapeut.
Arbeidsoppgåver
- Terapeutisk arbeid etter MSTs behandlingsprinsipp og praksis.
- Koordinere det faglege arbeidet i kvar einskild sak og samarbeide nært med mellom anna skule, PPT, barnevern og psykisk helsevern.
- Delta i vekentlig rettleiing, vekentlig konsultasjon og kontinuerlig opplæring.
- Utføre MSTs kvalitetsikringsrutinar.
- Drive informasjonsarbeid om MST.
Kvalifikasjonar- Det vert kravd profesjonsstudium i psykologi eller mastergrad/hovedfag i helse- og sosialfag eller bachelor i helse- og sosialfag med minimum 2 års terapeutisk vidareutdanning.
- Det krevst erfaring frå klinisk/terapeutisk arbeid.
- Det krevst grundig kjennskap til det teoretiske fundament som metoden byggjer på, dvs. systemteori, kognitiv åtferdsterapi og sosial læringsteori.
- Ønskjeleg med vidareutdanning og/eller erfaring frå familieterapi og arbeid med barn/ungdom med alvorlege åtferdsvanskar.
- Gode engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg. God skriftleg framstillingsevne.
- Relevante IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskaper- Gode samarbeidsevnar.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk.
- Personleg egnetheit vil tilleggast stor vekt.
Vi tilbyr- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ, som psykolog (kode 0794) i lønnstrinn 54-68 (p.t. kr 459 700-591 400 pr. år) eller som psykolog med godkjent spesialitet (kode 1304) i lønnstrinn 58-78 (p.t. kr 492 300-734 700 pr. år), eller klinisk barnevernpedagog (kode1496), spesialutdannet barnevernpedagog (kode 1510), spesialutdannet sosionom (kode 1185), spesialutdannet vernepleier (kode 1509) eller klinisk sosionom (kode 1173) i lønnsramme 18, alt. 1-18, ltr. 41-60 (p.t. kr. 375 400-510 100 pr. år).
- Stillingskode og lønn vert vurdert etter utdanning og ansiennitet.
- Det vert gitt eit kompensasjonstillegg for ubekvem arbeidstid/tilgjengelegheit.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om boliglån til gunstig rente, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Generelle opplysningar- Spesiell opplæring innan MST vil bli gitt. Den som vert tilsett må delta på ei vekes opplæring i Oslo (veke 4 i 2016) i samband med tiltreding i stillinga.
- Den som vert tilsett må kunne arbeide svært fleksibelt, og inngå i ein turnus som gir tilgjengelegheit for familiane 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka . Tilgjengelegheita er regulert i ei eiga avtale for MST - terapeutar.
- Politiattest vil krevjast ved tiltreding, jf. lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
- Den som vert tilsett må ha førerkort for bil og kunne disponere bil i tenesta.
- Staten legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Bufetat har som eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med fleirkulturell bakgrunn.
- Stillinga er for tida lagt til MST Bergen.
- Bufetat er ei IA (inkluderande arbeidsliv) -verksemd.
- Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli førd opp på søkjarlista, jf. Lov om rett til innsyn i dokumentar i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.
Tilsettingsprosessen skjer i eit samarbeid mellom Bufetat og Atferdssenteret, og søkjere må vere inneforstått med at Atferdssenteret får innsyn i søknadane.
Meir informasjon om MST finn du på
www.atferdssenteret.noKontaktperson for stillingaRettleiar MST Bergen Team 2: Svend Åge Thorsen, tlf. 466 19 036.
Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.Originale vitnemål samt attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit ev. intervju.
Søknadsfrist: 15.12.2015Se annonsen og søk på stillingen
www.jobbnorge.noAdresse: Bjørns gt. 1, 4. etg. 5008 BERGEN
Web: http://www.bufetat.no/