Kvinnherad kommune har 13.200 innbyggjarar.Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.
Omtale av stillinga
Det vert ledig 90 % stilling som vikar for sjukepleiar ved Rosendal helsesenter frå 22.01.18 til 20.01.19.
Rosendal helsesenter er eitt av fire legekontor i Kvinnherad kommune, organisert i eining for helse. Det er fem fastlegar ved Rosendal helsesenter.
Stillinga inneber å vurdera hastegrad og gje råd i forhold til symptom, sjukdom og anna når folk tek kontakt per telefon og/eller ved personleg frammøte. Oppgåver knytt til stillinga er timebestilling, blodprøvetaking, sårbehandling, assistera ved småkirurgiske inngrep, gjera reint utstyr, ta EKG, 24 timars BT-måling m.m. Vi nyttar Infodoc Plenario legejournal. Arbeidet ved helsesenter/LV-kontor er elles variert og til tider hektisk.
Søkjar må vera positiv, serviceinnstilt og lett å samarbeida med. Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og relevant erfaring.
Arbeidstid ved Rosendal helsesenter er 07.30 - 15.00.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Søknadsfrist:26.01.18
Arbeidsgiver:Kvinnherad kommune
Sted:Kvinnherad kommune
Hentet fra:Kommuner-Visma
Se annonseMedium: Webcrawl
Adresse: 5470 ROSENDAL