Stillingsomtale
Vi har ledig inntil 300 % faste stillingar for lærar ved Sykkylven ungdomsskule frå 01.08.2019. Utlysinga tek atterhald om eventuelle interne rokeringar.
Det kan vere aktuelt med kontaktlæraransvar.
Menn vert oppmoda om å søkje.
Arbeidsstad
Sykkylven ungdomsskule har rundt 300 elevar og 40 tilsette. På Sykkylven ungdomsskule skal alle elevar føle seg verdsett og respektert. Dei skal vere aktive deltakarar i ein skule der dei lærer å ta ansvar og oppleve mestring. Elevane skal utvikle evnene sine sjølvstendig og i samarbeid med andre.
Sykkylven ungdomsskule:
- Har eit godt og inkluderende skulemiljø med høg trivsel blant elevar og lærarar
- På veg til å innføre Chromebook 1:1
- Har et høgt utdanna og utviklingsorientert personale
- Har jobba godt med satsinga Ungdomstrinn i utvikling og hatt lesing i alle fag som satsingsområde
- Er praksisskule for studentar
Vil du vite mer om Sykkylven ungdomsskule sjå på susk.no
Kvalifikasjonar
- grunnskulelærarutdanning for 5. - 10. årstrinn eller anna relevant pedagogisk og fagleg utdanning som oppfyller krav for tilsetjing og undervisning på ungdomstrinnet, gjerne masternivå eller faglærar med PPU.
- skulen har stort behov for fagkompetanse i skulefaga norsk, matte, tysk, spansk, kroppsøving og spesialpedagogikk
- god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Relasjonskompetanse
- Samarbeidsorientert
- Positiv
- Engasjert
- Interesse av å arbeide med ungdom
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi søkjer
Dyktige og engasjerte lærarar som ynskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.
Vi tilbyr
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling.
Tilsetting i tråd med gjeldande lover, avtalar og reglement.
- obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår
- gode forsikringsordningar
- løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
Spesielle krav til stillinga
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Søknad
Sykkylven kommune nytter elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av vitnemål og attestar må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Det kan verte ledige stillingar utover dette.
Adresse: Sykkylven ungdomsskule