Førde Omsorgssenter, Kortidseininga:
Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt fagmiljø. Tre einingar held til her. Korttid, langtid og skjerma. Vi ønskjer å vere ei teneste med eit framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuaren skal vere i fokus. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga.
Førde Omsorgssenter treng ny fagkompetanse og søkjer din sjukepleiekunnskap!
Har du lyst å blir vår nye medarbeidar? Kom til Sunnfjord!
Vi på Korttidseininga har for tida fleire spennande stillingar som sjukepleiar ledig.
- Vi treng 3 ny sjukepleiarar i 100 % fast stilling.
Stillingane er organisert i turnus med arbeid dag/ kveld/natt/ helg.
Stillingane gjev eit rekrutteringstillegg på 20 000 kr per år i 100% stilling.
Arbeidsoppgåver:
- utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos bebuar
- samarbeide med bebuarar, pårørande, sjukeheimslege og spesialisthelsetenesta
- veileder og undervisningsansvar til kollegaer/studentar
- bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
- samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse og pleie og omsorg
- ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc
- turnus med arbeid kvar 3.helg.
Her er mange faglege utfordringar å engasjere seg i! Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet i tenestene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.
Kvalifikasjonskrav:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- gode norskkunnskapar, skriftelet og munnleg
- gode IKT- kunnskapar
- godkjent politiattest av ny dato må leverast før tiltreding i stilling
Vi søker deg som ønsker å jobbe på ei spennande og lærerik eining, ilag med ein gjeng veldig kjekke kollegaer. Vi er ei eining med 15 pasientar. Dei fleste av våre pasientar kjem frå sjukhuset, då dei treng noko meir oppfølging før dei skal heim. Arbeidsdagen er variert, utfordrande og motiverande. Vi anbefaler både erfarne og nyutdanna sjukepleiarar til å søke. Du vil garantert lære mykje av å jobbe her.
Vi søker deg som:
- har motivasjon for å jobbe på ei Korttidseining og evne til å tileigne deg ny kunnskap
- er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig
- fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
- likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
- er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- er fleksibel og likar utfordringar
- bidrar til eit positivt og godt arbeidsmiljø
Kva tilbyr vi?
- rekrutteringstillegg på kr 20 000 per år i 100% stilling
- tilsetting, lønn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- ein meiningsfylt kvardag med arbeidsoppgåver innan viktige samfunnsområde
- spanande og meidningsfylte arbeidsoppgåver med stor variasjonsbredde
- kjekke og engasjerte kollegaer i eit godt arbeismiljø
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode pensjonsordningar gjennom KLP
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronisk.
Link til søknadsskjema:
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon