Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes, p.t. MF Julsund.
MF Julsund blei bygd i 2004, men er ombygd til hybrid med batteri som primær energikilde i framdriftssystemet.
Vaktordning: Døgnskift - 3 veker på og 3 veker av.
Hos oss får du jobbe med dyktige og kjekke kollegaer i ein bedrift med gode karierre moglegheitar. Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid! Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar og skal syte for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav
- Vedlikehalde maskineri/komponentar ihht. AMOS vedlikehaldssystem
- Skal saman med skipsførar bidra til at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden
- Sørge for opplæring av personell under si leiing
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Allsidig erfaring som maskinsjef
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar
- Vaktordning: Døgnskift - 3 veker på og 3 veker av
Kontaktinformasjon
Maren Djuve, Bemanningskoordinator,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Fv49
5414 Stord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Fjord1 ASReferansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon25Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 30.05.2022