Undervisningsstilling - sykehusskolen Haukeland sykehus - Nordahl Grieg vgs
Nordahl Grieg videregående skole er ein ny skole i Ytrebygda bydel i Bergen. Skolen stod ferdig i august 2010 og gir plass til 850 elevar og om lag 180 tilsette. Det er eit mål å skape eit vekstmiljø for kunnskap, kreativitet og innovasjon. Den arkitektoniske utforminga av skolen samspelar med ei leiar- og lærarrolle som byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn. Areala er transparente, fleksible og krev god samhandling.
Visjonen til skolen er ”Dristige hjerner i samspill”.
Skolen har inngått intensjonsavtale med Universitetet i Bergen og er praksisarena for forsking. Nordahl Grieg videregående skole tek mål av seg til å vera ein føregangsskole i bruk av digital læringsteknologi, noko som endrar undervisning og læring på grunnleggjande måtar.
Skolen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Medium og kommunikasjon, Service og samferdsel, Helse- og sosialfag. Skolen har og avdeling for tilrettelagt undervisning, avdeling Sykehusskolen og avdeling Klokkarlia. Skolen er knutepunktskole for døve og hørselshemma.
Skolen har ledig vikariat i 100% undervisningsstilling ved avdeling Sykehusskolen Haukeland sykehus, i tida 01.02.13-01.02.14
Om søknaden:
Bruk elektronisk søknadsskjema
Det er ønskjeleg å vite noko om motivasjonen din for søknaden
Ta med annan realkompetanse og ev interessefelta dine
Gje opp to, helst tre referansar: Ein overordna (kan vere rektor), ein sideordna (kan vera kollega) og ein eventuell underordna
Arbeidssted:
Diverse:
- Stillingsbrøk: 100%
- Vikar
- Tal på stillingar: 1
- Startdato for tilsetjing/vikariat/engasjement: 01.02.2013
- Sluttdato for tilsetjing, vikariat eller engasjement: 01.02.2014
Kontaktperson(er):
Avdelingsleiar Sykehusskolen Håkon Sjursen, tlf. 91162702 / 55974482,
hakon.sjursen@hfk.noFor fullstendig utlysningstekst og elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]