Bømlo bu- og helsesenter har for tida fem ledige stillingar, både faste og vikariat. Søknadsfristen er 4. mars for alle stillingane.
Bømlo bu og helsesenter er ein institusjon med 3 avdelingar, 2 langtidsavdelingar med henholdsvis 34 og 25 plassar, og 1 korttid -- og rehabiliteringsavdeling, med 12 plassar. Me har fokus på tett samarbeid mellom dei ulike avdelingane.
Stillingane
Sjukepleiar:80% vikariat frå snarast. Krav til bachelor i sjukepleie.
Sjukepleiar:70% fast - frå snarast. Krav til bachelor i sjukepleie.
Sjukepleiar:60% fast - frå snarast. Krav til bachelor i sjukepleie.
Helsefagarbeidar:60% vikariat frå snarast og til 20.08.18. Krav til fagbrev innan helsefag.
Helgestillingar for studentar/helsefagarbeidarar/elevar/lærlingar:Me søkjer studentar/elevar/lærlingar som kan tenkje seg å ha ein relevant arbeidsstad i høve til utdanning.
Kven me søkjer
Me søkjer deg som er fleksibel, kan arbeide sjølvstendig og har høgt fagleg fokus. Evne til nytenking, omstilling og fleksibilitet er viktig, i tillegg må den tilsette ha gode samarbeidsevner og vere med å bidra til eit godt og utviklande samarbeid, og eit godt arbeidsmiljø.
Kva me tilbyr
- Me tilbyr ein aktiv og varierande arbeidsplass der tilsette skal ha fokus på fag, god omsorg og pleie, for å gi våre pasientar tryggleik, god pleie og behandling, og ein god stad å vere.
- Institusjonen nyttar årsturnus, og stillinga har turnus med arbeid dag/kveld, og 3. kvar helg. For faste stillingar er det mogleg å auke stillingsstorleik dersom ein er villig til å arbeide hyppigare helg, ev. langvakter.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov -- og avtaleverk.
Kontaktperson: Verksemdsleiar Berit Nesse - Logg inn for å se kontaktinformasjonSøknadsfrist:4. mars 2018
Arbeidsgiver:Bømlo kommune
Sted:Bømlo
Referansenummer:229194