Eg er 23 år og er i mitt tredje år på ein bachelor i medieproduksjon ved Høgskulen i Volda.
Her er eg godt i gang med å få ei brei kompetanse innan feltet, etter eg har hatt ulike rollar og ansvarsområde gjennom dei mange prosjekta som fortset å kome på rullande bånd. Eitt døme er i ein produksjon av eit direktesendt talkshow, der eg var både programleiar og ein av produsentane.
I tillegg har eg blant anna storkost meg som co-programleiar og -produsent i eit radioprogram per semester hjå Volda Studentradio det siste året, og ser fram til eit nytt halvår med det denne hausten. Konseptutvikling og redigering (i Digas/Adobe Audition) følgjer også med i denne jobben.
Over 6 år med arbeidserfaring i butikk ga meg eit godt grunnlag for å samarbeide med andre, før eg kom til Volda og byrja på ei lang rekke prosjektarbeid (på og utanfor høgskulen), der det å jobbe godt saman med andre er essensielt for eit godt resultat - og ikkje minst for god trivsel medan me er der! Saman med ein kjærleik for system, har desse erfaringane også gitt meg gode organisatoriske evner.
Som person er eg blid, sosial, og ein kreativ sjel, som blant anna har skrive barnebok, laga min eigen versjon av "Hvor er Willy?", og diverse andre ting for å kunne gi litt orginale julegåver:)