Du treng ikkje eta smalahove eller hoppa i fallskjerm for å bu og trivast på Voss, for me har mykje meir å by på! Voss kommune og Granvin herad slår seg saman til Voss herad frå 2020. Det nye heradet får om lag 15.500 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo. Voss herad får om lag 1350 tilsette. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Kan du identifisera deg med verdiar som profesjonell, påliteleg, skapande og inkluderande, kan du bli ein del av laget vårt. Som vossingar flest går me sjølvsagt for gull.
Strategi og styring er ei nyoppretta stabsavdeling i Voss herad. I stabsavdelinga skal det liggja strategiske, analytiske og operative oppgåver innan kommuneplanlegging, økonomi og styring. Stabsavdelinga skal bidra til ei heilskapleg samfunns- og tenesteutvikling, samt bidra til at det finst ei tilstrekkeleg drivkraft bak dei strategiske aktivitetane i alle deler av organisasjonen. Strategi og styring har ansvar for å sikra at det er konsistens mellom overordna planar, økonomiplan, budsjett og handlingsplanar. Til denne avdelinga ligg òg ansvaret for større utgreiingar innan felt som samferdsle, miljø, kraft, samfunnstryggleik og ulike høyringar.
Økonomiavdelinga som mellom anna fører rekneskap og utarbeider økonomirapportar, budsjett og økonomiplanar er ein del av ansvarsområdet. Vidare skal alle økonomikonsulentane som yter bistand ut mot kommunalavdelingane organiserast inn i strategi og styring, og det skal byggjast eit sterkt kompetansemiljø for verksemdsstyring og analyse.
Fram til 1.1.2020 vil oppgåvene i stillinga vera knytt til samanslåing av tenester i Voss kommune og Granvin herad og å byggja opp den nye avdelinga. Frå 1.1.2020 inngår stillinga i rådmannen si leiargruppe.
Me søkjer
Me søkjer ein person med leiarerfaring, høgare utdanning innan økonomiske fag, erfaring frå ansvarsområdet og helst god kjennskap til offentleg verksemd og skjeringspunktet mellom politikk og administrasjon
Vidare ser me etter deg som er ein tydeleg, handlekraftig og involverande leiar som:
- Har eit over gjennomsnitt høgt engasjement for feltet du skal leia
- Tenkjer strategisk og er utviklingsorientert og målretta
- Sjølv er fagleg sterk, men likevel i stand til å leia ei avdeling der enkelttilsette sit på høgare spisskompetanse innan sine fagfelt
- Er opptatt av relasjonsbygging og har evna til å inspirera og motivera, lytta og skapa tillit
- Skapar eit meistringsklima i stabsavdelinga
- Er ein god administrator med kontroll på økonomisk styring og rett tenestekvalitet
- Er strukturert, har gode analytiske ferdigheiter og god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Har god forståing for rolleforståing mellom stabs- og linjeorganisasjonen og evnar å nytta kompetansen i avdelinga til vera ein god rådgjevar for rådmann, kommunalsjefar, politikarar og tilsette i kommunalavdelingane.
Me tilbyr
Mektig natur, ski- og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell
Ei levande kulturbygd med gode oppvekst- og utdanningsvilkår
Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver
Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Stillinga er fast, løn etter avtale. Det vert utarbeidd leiaravtale for stillinga.
Søknad
Me ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Søknadsfrist:28.08.18
Arbeidsgiver:Voss kommune
Sted:Rådmannen sin stab
Adresse: 5701 VOSS