Frå 1.8.2019 er det ledig 100 % fast stilling som SFO-leiar/ miljøveileder i skule og SFO ved Palmafossen skule.
Om arbeidsstaden
Palmafossen skule er ein 1- 7 skule om lag 3 km frå Voss sentrum. Skulen ligg fint til med idrettsanlegg og Bømoen som næraste nabo. Skulen er nyleg utbygd og rehabilitert. Skulen har pr dags dato 190 elevar og 32 tilsette. Skulen har SFO tilbod for 1 - 4 klasse.
Skulen satsar på ei systematisk utvikling av eit godt sosialt og fagleg læringsmiljø gjennom utviklingsarbeidet Betre læringsmiljø, antimobbeprogrammet Zero, og skulen er med i utviklingsprosjektet Vurdering for læring.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er ilagt leiaransvar for SFO, og i tillegg støtte til enkeltelevar i skule og SFO.
- Leia det daglege pedagogiske arbeidet ved SFO
- Skapa eit godt fritidstilbod for barna
- Oppfølging av barn med særlege behov i skule og SFO
- Bidra til god kommunikasjon mellom skule, SFO og heimen
Stillinga fylgjer eit ordinært arbeidsår / utvida SFO.
Me søkjer
Fagleg kompetanse:
Utdanning som barnevernspedagog.
Søkjarar med anna relevant 3-årig høgskuleutdanning kan bli vurdert.
- Den som blir tilsett må kunne hjelpe elevane fagleg
- Erfaring frå arbeid med barn med særlege behov
- Evne til å leie ei gruppe med barn
- Er systematisk og har gode IT kunnskaper
- Kan bidra til å skape eit heilheitleg tilbod
- Erfaring med å tilrettelegge og planlegge aktivitetar i SFO
- Erfaring med økonomistyring er ynskjeleg
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst, løysningsfokusert og fleksibel
- Du er positiv og har godt humør
- Du har eit positivt elevsyn
- Du liker å vere aktiv
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Hugs å gje opp referansar
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje. Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald.
Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Attestar og vitnemål skal leggjast ved elektronisk eller sendast Voss kommune, boks 145, 5701 VOSS, merka med stillingsreferanse. Søknadspapira vert ikkje returnerte. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.
Adresse: Palmafossen skule