<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme Sokneprest i Åsane prosti, Hamre sokn og Hosanger sokn

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Vi har for tida ledig stilling som sokneprest i Åsane prosti, med Hamre og Hosanger sokn på Osterøy som tenestestad.

Osterøy kommune er nabokommune til Bergen. Folketalet er litt over 8100, og stigande. Av desse er 6382 medlemmer av Den norske kyrkja pr. 1.sept. 2019. På Osterøy er det fem kyrkjesokn (Medlemstal i parentes): Hamre (1843), Hosanger (1158), Gjerstad (2064), Haus (1033) og Bruvik (285).

Stillinga som no er ledig har Hamre og Hosanger som tenestestad, men vil også vere tett knyta til arbeidet i dei tre andre sokna. Kyrkjene i Hamre og Hosanger er begge eldre bygg. Særleg merkar kyrkja på Hamre seg ut som ei særprega kyrkje frå rundt år 1600. Les meir om kyrkjene på øya og om kyrkjelydane på heimesidene: http://www.osteroy.kyrkja.no/

Osterøy ligg i Åsane prosti. Det er i alt 17 prestar i prostiet, inkludert prost og to fengselsprestar. Prosten leier prestetenesta i prostiet, og prestane vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging. Beredskapsområdet omfattar Åsane og Nordhordland prosti, og soknepresten vil bli tillagd beredskap.

I tillegg til to sokneprestar, er det for tida prostiprest i halv stilling. Prostipreststillinga er pt vakant, som følgje av dette er hovudansvaret for konfirmantarbeidet lagt til kateketvikar. I staben er det også kyrkjeverje, konsulent, trusmedarbeidar, to kantorar/organistar og kyrkjetenarar ved alle dei fem kyrkjene. Den kyrkjelege staben har kontor sentralt i Lonevåg som er administrasjonssenteret i kommunen. I tilknyting til kontoret er det også eit greitt møtelokale (Kyrkjesenter) for ein del av kyrkjelydsarbeidet og konfirmantarbeidet. Sjå nærmare info om kommunen her: http://www.osteroy.kommune.no/)

Statistikken for 2018 syner at det var 116 gudstenester på Osterøy. Det var 61 dåp, 62 gravferder, 12 vigsler og 68 konfirmantar. Soknepresten vil ta del i konfirmantarbeidet. Kommunen har ein stor institusjon, Osterøytunet, der prestane gjer teneste etter oppsett turnus.

Målforma på Osterøy er nynorsk. Elles varierer målforma i Åsane prosti mellom bokmål og nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei nyttar begge målformene.

Vi gjer merksam på at opplysingar om søkjarane kan verte offentleg sjølv om søkjarane ber om å bli unnatekne offentleg søkjarliste. Opplysingar om samlivsform vil kunne bli innhenta og vektlagt ved tilsetjing. Den som blir tilsett, må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest jf. politiregisterloven § 39). Søkjar må ha førarkort klasse B og bør disponere bil.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.

Arbeidsoppgåver

  • Gudstenester, kyrkjelege handlingar og institusjonsbesøk etter oppsett plan
  • Medlem i sokneråda i Hamre og Hosanger
  • Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkje.

Kvalifikasjonar

  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / Master i teologi og praktikum,

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter ein sokneprest som:

  • Er ein tydeleg pastoral leiar for kyrkjelydane, gjennom fokus på gudstenestearbeidet
  • Kan skape og utvikle nye møteplassar for alle aldersgrupper, i kyrkjene og i Kyrkjesenteret i Lonevåg.
  • Samarbeider godt med frivillige organisasjonar i kommunen, og involverer lokale krefter i kyrkjelydsarbeidet
  • Samarbeider tett i møte med kollegaer ved fordeling av tenesteveker og andre oppgåver som må løysast i fellesskap
  • Har evne til å kommunisere med konfirmantar, born og unge

Vi tilbyr

  • Innplassering i stillingskode 1555 sokneprest etter KAs tariffområde.
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse.
  • Reiseutgifter vert godtgjort etter til ein kvar tid gjeldande regulativ.
  • Til løna kjem særlege regulativmessige godtgjeringar
  • Beredskap etter gjeldande ordning
  • Arbeidsvegleiing (ABV).

Kontaktinformasjon

Øystein Skauge, prost, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Cathrine Waaler Halstensen, Personalsjef, Logg inn for å se kontaktinformasjon

Arbeidssted

Lonevågen 5
5282 Lonevåg

Søk på stillingen:

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver:Den norske kirke

Referansenr.:Logg inn for å se kontaktinformasjon74 Stillingsprosent: 100% Søknadsfrist: 22.09.2019





Om arbeidsgiveren

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Se flere annonser

Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan
19.05.2024 Trondheim
Veidekke har stadig behov for flinke og dyktige folk med ulik bakgrunn og kompetanse - både nyutdannede og mer erfarne
21.05.2024 Sør-Varanger
Om stillingen: Utbyggingsdivisjonen er ansvarlig for planlegging, utredning og bygging av nye dobbeltsporstrekninger i Bane NOR. Vi har en av
28.05.2024 Flere steder
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
29.05.2024 Flere steder
Om oss Trives du med å planlegge, organisere og disponere arbeid og mannskap?   Har du erfaring fra planlegging, både på
07.06.2024 Oslo
Om oss Vil du jobbe for en samferdselsaktør i utvikling og bidra til økt digital dokumentutveksling og kvalitetssikring? Vi ser
27.05.2024 Hamar
Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan
12.05.2024 Rana
Ønsker du å flytte hjem igjen, eller bare er klar for noe nytt? Hva med en varierende arbeidshverdag som balanserer
29.05.2024 Trondheim
Vis alle 30.833 ledige stillinger

Fakta om Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme