Omtale av stillingaVi søkjer etter dagleg leiar for Kvinnherad Arena. Hallen skal stå klar januar 2023 og vi søkjer dagleg leiar som kan starte i stillinga ca. 1. august 2022. Arbeidsstaden er for tida Kvinnherad Arena, Husnes.
Kvinnherad Arena er Kvinnherad kommune si nye kulturelle storstove, ein stor idrettsarena både for bredde og toppidrett og ein viktig arena for opplæring. Arenaen ligg på Husnes som er regionsenter.
Vi søkjer etter ein dagleg leiar til å utvikle og drifte Kvinnherad Arena slik at arenaen får spela ei rolle i barn, unge og vaksne sitt kvardagsliv. Vi ynskjer og at næringslivet skal dra god nytte av arenaen sine fasilitetar. Utviklinga av arenaen skal skje i godt samspel med øvrige aktører innan kultur og idrett i kommunen.
Kvinnherad Arena skal vere
- ei kulturell storstove
- ein arena for ulike arrangement både for lag, foreningar og næringsliv.
- ein sosial møteplass
- ei viktig brikke i barns oppvekstvilkår
- eit grunnlag for å sikre innbyggjerar ei god folkehelse
- ein sentral samarbeidspart til frivillige lag og organisasjonar
- ein oase for fysisk utfolding for barn og vaksne i alle aldre
- ein viktig arena for alle breddeidrett i kommunen
- ein stad for utvikling av toppidrett
- kroppsøvingslokaler for skuleelevar og barnehagebarn i området
Dagleg leiar skal omsetja måla til Kvinnherad Arena til praktisk handling, og ivareta den daglege drifta.
Stillinga som dagleg leiar er i utgongspunktet ei prosjektstilling for 2 år.
Sentrale arbeidsoppgåver vil vere:
Å sikre god aktivitet i arenaen, sikre at folk trivs og at alle samarbeidspartnarar kjenner seg heime der, og bidrar inn til god, effektiv, innovativ og rasjonell drift av arenaen.
Dagleg leiar
- er ansvarleg for dagleg drift av Kvinnherad Arena
- byggjer aktivitet rundt arenaen, t.d møter, konferansar og formidling
- held god kontakt med brukerar, samarbeidspartnerar og fagmiljøa som er kopla opp mot arenaen
- driv marknadsføring og har ei vertskapsrolle
- har ansvar for økonomi- og rekneskapsoppfølging
- evaluerer struktur og organisering av arenaen og førebur forslag til endringar t.d. å legge til rette for nye treningsformar og evt. for nye målgrupper
Våre forventningar til søkjar
- Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå
- Relevant arbeidserfaring
- Erfaring med fag- og personalleiing
- Innsikt i økonomiske tilhøve
- Førarkort klasse B
Vi søkjer etter ein dagleg leiar som:
- Er ein god relasjonsbyggjar
- Har evne til å få folk til å jobbe saman
- Er løysningsorientert
- Er initiativrik og har evne til å skape aktivitet
- Har økonomiforståing - og ser moglegheit for å skape innteksgjevande tiltak
- Trivst med å vera synleg og er entusiastisk og kontaktskapande
- Er kreativ og løysingsorientert, er ansvarsfull og har særs gode samarbeidsevner
- Er sterkt motivert for denne typen arbeid, og fleksibel når det gjeld arbeidstid
- Er god til å kommunisere både skriftleg og munnleg
- Vil bygge god hallkultur - det skal være trygt og kjekt å vær i Kvinnherad arena
- Som har god regional og nasjonal forståing og kan tenkja internasjonalt
Kvalifikasjonar/personlege eigenskapar:
Vi søkjer etter ein person:
- med eit stort engasjement og sterk motivasjon
- som er ein "iverksetjar" med god økonomisk forståing
- som er ein god relasjonsbyggjar, diplomatisk og sterk på samarbeid
- som har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner, både på norsk og engelsk
Vi tilbyr
- ei sjølvstendig, spennande og utfordrande stilling
- eit godt arbeidsmiljø og god støtte i kommunen si organisasjon og særleg innanfor sektor Samfunnsutvikling
- ivrige og engasjerte lag og foreningar
- fleksibel arbeidstid
- konkurransedyktig løn
- god pensjonsordning
Søknad vert å senda
Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).
Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §
10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon