Me søker deg som ønsker å ha fast helgestilling i Heimetenesta, avdeling nord. For tida har me ledig to faste helgestillingar på 14-18%.
Avdeling nord held til på Kvernaland omsorgssenter, ved Stemmen badeplass. Kvernaland omsorgssenter har bufellesskap for eldre, dagsenter og heimetenester i brukaren sin heim.
Me treng også ringevikarar som kan ta vakter ved behov
Arbeidsoppgåver
- pleie og omsorgsoppgåver til brukarar
- dokumentasjon etter lov og forskrift
- samarbeid med brukarar og kollegaer - 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg
Opplæring vert gitt
Kvalifikasjonar
- offentleg godkjenning som helsefagarbeidar
- sjuke-/vernepleiarstudentar
- studentar og elevar med anna relevant bakgrunn- erfaring frå heimeteneste vert vektlagd- Du må kunna gjera deg godt forstått på norsk, både munnleg og skriftleg. - Du må ha sertifikat for personbil for å arbeida i Heimetenesta. - Det er krav om politiattest.
Personlege eigenskapar
- Du må kunna arbeida sjølvstendig i ein hektisk arbeidskvardag, og vera fleksibel då arbeidet stadig er i endring.
- Du må ha gode relasjonelle ferdigheiter og vera ansvarsbevisst.
- Du har evne og vilje til å tileigna deg ny kunnskap som er nødvendig for arbeidet. - Du bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø.
- Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø med utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass som har høgt fokus på fagleg utvikling
- lønn etter tariff
-eigne studentavlønningar som sjukepleiar/vernepleiar
Kontaktinformasjon
Maria Lisa Skulbru Knutsen, Leiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon,
Arbeidsstad
Gamle Åslandsvegen 27
4355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommune
Stillingsprosent: 18%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2024
Epost:
Logg inn for å se kontaktinformasjonLogg inn for å se kontaktinformasjon