Bemanningssenteret er ein del av Personal- og organisasjonsavdelinga som er sjukehuset sitt samla fagmiljø for rådgjeving og utviklingsstøtte innan feltet. Avdelinga er eit av dei største kompetansemiljøa på Vestlandet innan personal og organisasjon, med over 70 medarbeidarar fordelt på fem seksjonar. Vi har eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse utfyller kvarandre, deler kunnskap og samarbeider på tvers.
Bemanningssenteret er Helse Bergen sitt eige bemanningsbyrå. Vi formidlar personell til heile føretaket og dekkjer akutte og meir langsiktige behov for medarbeidarar innan ulike fagområde. Bemanningssenteret skal vere ein aktiv tilretteleggjar for at føretaket sitt fleksible arbeidskraft blir brukt på best mogleg måte. Vi har ei sentral rolle i rekruttering til sjukehuset og koordinerer prosessane.
Helse Bergen arbeider aktivt for ein heiltidskultur og Bemanningssenteret har ei viktig rolle i dette arbeidet. Vi har mellom anna fast tilsette medarbeidarar innan fleire fagfelt som arbeider som vikar der det oppstår behov i sjukehuset. Vi har i tillegg ansvar for tilsetjing av tilkallingsvikarar og sikrar at innleige av personell til Helse Bergen følgjer lovar og avtaleverk.
Vi har no ledig stilling som konsulent. Som medarbeidar i Bemanningssenteret får du god kontakt med avdelingane og deira behov, og med medarbeidarane som blir sett inn i dei ulike oppdraga. Stillinga inneheld varierte oppgåver innan personalfeltet.
Arbeidsoppgåver
- Inngå i bookingteamet som dekkjer vakter ved einingar i sjukehuset
- Bistå i den daglege drifta i Bemanningssenteret
- Bidra til godt samarbeid med leiarar og medarbeidarar
Kvalifikasjonar
- Vi ønskjer ein medarbeidar som har erfaring frå, og kjennskap til helsetenesta og/eller til bemanningsbransjen
- Erfaring med personaladministrative oppgåver
Utdanningsretning
- Administrasjon/organisasjon/leiing
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som er engasjert og likar å lære
- Du trivast med høgt tempo og er nøyaktig samstundes som du har det store overblikket
- Du trivast med endringar og klarer å prioritere
- Du er god til å skape gode relasjoner
- Du kommuniserer klart og tydelege og har fokus på å finne gode løysingar
- Du arbeider strukturert, nøyaktig og har evne til å handtere mange parallelle oppgåver på same tid
Vi tilbyr
- Vi tilbyr utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Britt Velsvik, Avdelingssjef,
Logg inn for å se kontaktinformasjonArbeidsstad
Haukelandsveien 22
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse BergenReferansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon75Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 25.04.2022