I Ørsta kommune kan det frå 01.08.2024 verte ledige lærarstillingar i grunnskulen. Det kan vere både faste stillingar, og vikariat for skuleåret 2024/2025.
Arbeidsoppgåver
I Ørstaskulen har vi langsiktig, heilskapleg satsing på å betre undervisninga og ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø og elevane si fysiske og psykiske helse. Vi vektlegg såleis relasjonskompetanse, evne til å sjå heile eleven og å skape eit inkluderande og trygt læringsmiljø. Alle lærarar deltek i nettverksarbeid på eigen skule og mellom skulane i kommunen. Arbeidsoppgåver vil vere undervisning og anna elevretta arbeid. Til dei fleste lærarstillingane ligg det også kontaktlæraroppgåver.
Kvalifikasjonar
Ørsta kommune sine verdiar er uttrykt med omgrepa tillit, energi, løysingsvilje og utvikling. Den som vert tilsett i Ørstaskulen, må ha god relasjonskompetanse, vere godt personleg eigna og evne å byggje positive relasjonar med barn og unge. Personlege eigenskapar og stabilitet vert vektlagde saman med utdanning og praksis. I Ørsta kommune ser vi kompetanse som dei samla kunnskapane, ferdigheitene, evnene og haldningane som gjer oss i stand til å utføre aktuelle oppgåver i tråd med definerte krav og mål.
Pedagogisk personale må vere budde på å ta på seg rettleiingsansvar i høve til studentar.
Grunna elevar si deltaking i introduksjonsprogrammet for flyktningar, må tilsette ved Ørsta opplæringssenter vere budde på ettermiddags- og kveldsundervisning. Dei som skal arbeide med desse elevane må ha førarkort klasse B.
Vi søkjer primært etter grunnskulelærarar. Lærarar med godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse (PPU) vil ved særskilde fagbehov verte vurderte. Barneskulane: Søkjarar med 30 studiepoeng i eit eller fleire kjernefag (norsk, engelsk eller matematikk) vert prioritert.
Ungdomsskulane: Søkjarar med 60 studiepoeng i eit eller fleire kjernefag (norsk, engelsk eller matematikk) vert prioritert.
Opplæringssenteret: Søkjarar med 30 studiepoeng eller meir i Norsk som andrespråk og 60 studioepoeng i grunnskulefag vert prioritert.Vi vektlegg også at lærarar har profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). I dette legg vi evne til å tileigne seg kunnskapar om og å bruke pedagogisk programvare og andre digitale verkty, og korleis bruke desse til beste for elevane si læring. I Ørstaskulen disponerer alle lærarar og elevar Chromebooks og Google Workspace for Education som hovudverkty.Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. I Ørstaskulen nyttar vi nynorsk som målform. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon.Ørsta kommune arbeider for å utvikle ein aktiv heiltidskultur og ynskjer så mange som mogleg tilsette i heiltidsstillingar. Fordelane ved flest mogleg tilsette i heile stillingar er store, først og fremst for elevane våre, men også for den tilsette sjølv, arbeidsmiljøet og for arbeidsgjevar. Vi vil difor så langt som råd legge til rette for at alle som har norsk, engelsk og/eller matematikk i fagkrinsen sin skal få høve til å jobbe i heile stillingar. Vi ber deg oppgi kva fag du har fordjuping i når du søkjer på stillinga.
Referansar vert nytta, og søkjarane kan verte kalla inn til gruppeintervju og individuelle intervju.
Den som vert tilsett, må kunne leggje fram gyldig politiattest etter opplæringslova § 10-9.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.
Prøvetid i faste stillingar og årsvikariat er 6 månader
Dokumentasjon
Ved tilsetjing skal det leggjast fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar. Desse dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement.
Vi tilbyr
Kommunen har gode pensjonsordningar i for undervisningspersonalet og gode forsikringsordningar i for alle tilsette i Ørsta kommune.
Om offentleg søkjarliste I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om det. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve til prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Pål Einar Brekke, Rådgjevar
Arbeidsstad
Dalevegen 6
6153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.:
Logg inn for å se kontaktinformasjon62
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.02.2024