Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus har ledige stillingar for lege i spesialisering i akutt- og mottaksmedisin i Mottaksklinikken. Tenesta er også godkjend for spesialisering i generell indremedisin gruppe 1 i inntil 2 år. Det vil også vere moglegheit for ledige vikariat av 6 - 12 månaders varigheit. Søkar må opplyse om søknaden gjeld fast stilling og/eller vikariat.
Mottaksklinikken er fortsatt under oppbygging og vi søker nå LIS-legar mellom anna for å etablere eit eige vaktlag i Akuttmottak, samt bemanne Kortidsposten med eigne legar. Nasjonalt er det nå vedtatt å etablere ein eigen spesialitet i akutt- og mottaksmedisin. Tenestestad vil vere Mottaksklinikken men med nødvendig rotasjon til andre einingar for spesialistutdanning i akutt- og mottaksmedisin. Etter fullført spesialisering vil stillingane bli omgjort til stilling som legespesialist.
Klinkken har i dag 5 einingar, Utgreiingsmottak, Akuttmottak, Korttidsposten, Diagnostisk senter og Akuttpost.
I tillegg til klinikken er det også etablert ei eining for forsking og utvikling. Vi har fast tilsette overlegar med ulik kompetanse og spesialitet. I tillegg har vi legar på vakt/ konsultativ basis frå dei andre kliniske miljøa på sjukehuset.
Arbeidsoppgåver
- LIS-Legane som blir tilsett vil få oppgåver i alle klinikkens einingar og vil arbeide tett saman med klinikken sine overlegar. LIS-legane vil også ha oppgåver i teama saman med helsepersonell med ulik bakgrunn og kompetanse. Det blir 2 vaktlag for LIS-legar i Mottaksklinikken, 1 primært knytt til Utreiingsmottak og 1 vaktlag primært knytt til Akuttmottak.
Kvalifikasjonar- Mottaksklinikken skal bygge opp tverrfagleg kompetanse og vi søker etter LIS-legar med ulik bakgrunn.
- Norsk autorisasjon.
- Søkar må meistre norsk, både munnleg og skriftleg.
UtdanningsretningUtdanningsnivåPersonlege eigenskapar- Din motivasjon for å arbeide med akutt sjuke pasientar er veldig viktig. Vi søker deg som trivast når det er travelt, har pasienten i fokus og er opptatt av god logistikk og høg fagleg kvalitet i akuttkjeda. Du må like utgreiing og diagnostikk og du hentar fram det beste i deg når du jobbar i tverrfaglege team. Du ønsker å bli spesialist i akutt- og mottaksmedisin.
SpråkVi tilbyr- Ein unik moglegheit til nybrotsarbeid
- Høgt fokus på forsking
- Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
- Lønn etter gjeldane overeinskomst
- Moglegheit for fagleg og personleg utvikling
Arbeidssted:Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Kontaktinfo:Rune Oskar Bjørneklett, Klinikkoverlege, 55978205
Nøkkelinformasjon:Annonsør: Helse Bergen
Ref. nr.: 3322213836
Stillingsbrøk: 100%
Vikariat, Fast
For elektronisk søknadsskjema:
[Klikk her]Adresse: 5021 BERGEN