<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Høgskulen på Vestlandet Høgskolelektor i mat og helse - vikariat

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Jobbnorge ID: 145104

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig  vikariat som høgskulelektor i mat og helse   for perioden 1.8.18 - 31.7.19. Stillinga er knytt tilFakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6000 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1. - 7. og 5. - 10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og ph.d.-program. Vi har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet er organisert i forskingssenter og -grupper. Fakultetet vert etablert frå 1.1.18 ved at tre avdelingar ved høgskulen blir slått saman.


Fakultetet har fire institutt, der mat og helse inngår i institutt saman med idrett, kroppsøving og naturfag. Mat og helse har per i dag 7 stillingar (1 professor, 5 førsteamanuensis, 1 høgskulelektor og 1 stipendiat). For studieåret 1. august 2018- 31. juli 2019 har vi ledig vikariat i ei 100 % stilling som høgskulelektor i mat og helse.

Ansvars- og arbeidsområder:

Undervisning og rettleiing i praktiske og teoretiske tema i mat- og helsefaget i grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. og 5.-10. trinn. Det kan også vere aktuelt å knytte stillinga til praktisk undervisning i barnehageutdanninga, bachelorutdanninga i folkehelsearbeid og til etterutdanningsfag i mat og helse. Den som blir tilsett, vil også få ansvar for oppfølging av studentane når dei er ute i praksis.

Høgskulen har e-læring, nett- og samlingsbasert undervisning som satsingsområde, og den som blir tilsett må derfor kunne gje rettleiing og undervisning via digitale medium.


Kvalifikasjonskrav

Søkjarar må ha mastergrad i eit fag som har relevans for mat- og helsefaget, og praktisk- pedagogisk utdanning. Vi søkjer ein medarbeidar som har god kjennskap til mat- og helsefaget i skulen, og som kan gje studentane god fagdidaktisk opplæring i faget. Mat og helse er eit fagområde der det blir gitt kombinert teoretisk og praktisk undervisning. Det blir lagt vekt på at studentane skal utvikle gode praktiske ferdigheiter i matlaging og fagdidaktisk arbeid. Søkjarar som ikkje har pedagogisk utdanning, må kunne vise til praksis frå skulen.


Tilleggskrav:
Søkjarar bør ha god kjennskap til og helst erfaring frå undervisning i mat- og helsefaget eller frå andre delar av praksisfeltet til lærarutdanningane.
Særlege kvalifikasjonar innanfor skulerelatert fagleg utviklingsarbeid, undervisning og leiing vil bli tillagt vekt. Erfaring med digitale verktøy vil telje positivt. Den som blir tilsett må ha evne til både å arbeide sjølvstendig og saman med andre, ta ansvar, vise initiativ og ha gode formidlingsevner.

Søk på stillinga

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk denne stillinga»" på denne sida.

Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp attestar og vitnemål. Søknaden må også innehalde vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Aktuelle søkjarar til stillinga vil bli kalla inn til intervju.

Lønnsvilkår

Høgskulelektor blir  lønt etter Statens regulativ kode 1008.

Høgskulen har tenestepensjonsordning og det vert trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Den som blir tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkjar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Hjemmeside

Kontaktpersoner:

Seksjonsleiar Eldbjørg Fossgard 55 5585959

Instituttleiar Frode Fretland 57 676378



Se annonsen og søk på stillingenwww.jobbnorge.no



Adresse: Inndalsveien 28 5063 BERGEN


Om arbeidsgiveren

Høgskulen på Vestlandet (HVL)er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomifag, lærarutdanning og samfunnsfag. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar.

HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Les mer om Høgskulen på Vestlandet

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 12
    2024
    3 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 15
    2024
    2 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Flere muligheter
9 ledige stillinger

Se flere annonser

Vi er på jakt etter dyktige frisører og lærlinger til både hel- og deltidsstillinger i flere av våre salonger. Vil
Fortløpende Flere steder
Vil du jobbe sammen med 110hyggelige kollegaer - da bør du søke jobb hos oss. Vi gleder oss til å
Fortløpende Flere steder
Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan
19.05.2024 Trondheim
Veidekke har stadig behov for flinke og dyktige folk med ulik bakgrunn og kompetanse - både nyutdannede og mer erfarne
21.05.2024 Sør-Varanger
Om stillingen: Utbyggingsdivisjonen er ansvarlig for planlegging, utredning og bygging av nye dobbeltsporstrekninger i Bane NOR. Vi har en av
28.05.2024 Flere steder
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
29.05.2024 Flere steder
Om oss Trives du med å planlegge, organisere og disponere arbeid og mannskap?   Har du erfaring fra planlegging, både på
07.06.2024 Oslo
Om oss Vil du jobbe for en samferdselsaktør i utvikling og bidra til økt digital dokumentutveksling og kvalitetssikring? Vi ser
27.05.2024 Hamar
Vis alle 29.713 ledige stillinger

Fakta om Høgskulen på Vestlandet