Pleie og omsorgstenesta i Sogndal kommune er interessert i å kome i kontakt med personar som kan vere tilkallingsvikarar som ein kan ringje til ved behov for vikar ved tilfeldig fråvær.
Dette gjeld tenester innan:
- Sjukeheim
- Omsorgssenter
- Heimebaserte tenester
Dersom du har særskilte ynskje innan for ei teneste, ver snill og skriv det i søknaden.
Det ynskjeleg at du har erfaring med og kunnskap om pleie-/omsorgsyrket.
Du må vere fleksibel, samarbeidsviljug og løysningsorientert.
Spesielle vilkår for stillinga
Politiattest av ny dato (ikkje eldre enn 3 månader) må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Søkjarar til dei heimebaserte tenestene må ha førarkort.
Vi tilbyr
Løn etter gjeldande avtaleverk.
For søknad
Bruk søknadsskjema som ligg til stillingsannonsen på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no - ledige stillingar.
For spørsmål vedk. det digitale søknadsskjema, ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 62 96 00.
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom det er fylt ut rett e-post adresse i søknaden og det er merka av for at ein ønskjer å motta informasjon om søknaden på e-post.
I skjemaet er det mogeleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offenteleggjort, må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane kan bli offentleggjorde, jamfør Offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Søknadsfrist:31.05.18
Arbeidsgiver:Sogndal kommune
Sted:Pleie og omsorg
Hentet fra:www.sogndal.kommune.no
Se annonseMedium: Webcrawl
Adresse: 6856 SOGNDAL