<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Høgskulen i Volda Stipendiatstilling i samfunnsfagdidaktikk – st. nr. 11/2021

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Høgskulen i Volda søkjer etter stipendiat i samfunnsfagdidaktikk ved Avdeling for Samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS).

Stipendiatstillinga er ei utdanningsstilling som i hovudsak skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling. Stillinga har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiatstilling blir sett på som viktige rekrutteringsstillingar til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskular.

Vi ønsker søkarar frå heile det samfunnsfagdidaktiske fagfeltet, men desse temaområda er særleg aktuelle:
- Digital danning
- Globale berekraftsutfordringar- Berekraftsdidaktikk- Geografididaktikk- Kart i skulen

Stipendiaten vert tilsett for ein periode på tre år med rein forskarutdanning eller fire år med forskarutdanning og 25 % arbeidsplikt. Arbeidsplikta kan bestå av undervisning, rettleiing og liknande. Arbeidet vil vere relevant for doktorgradsarbeidet. Tidpunkt for tilsetjing blir avklara i rekrutteringsprosessen.

Stillinga har arbeidsstad ved Høgskulen i Volda. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett bur slik at vedkomande kan vere til stades og tilgjengeleg for fagmiljøet på arbeidsplassen i ordinær arbeidstid. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.

Det er eit vilkår for å starte i stillinga å ha fått opptak på doktorgradsprogram. Dokumentasjon på opptak må ligge føre seks månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Ein vil då inngå endeleg avtale om å starte i stillinga. 

Dersom søkar allereie har fått stadfesting av opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, legg ein ved dokumentasjon på dette.


Om instituttet

Arbeidsstad er Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS). Instituttet tilbyr mellom anna bachelor i planlegging og administrasjon, master i samfunnsplanlegging og leiing, årsstudium i samfunnsvitskap, skuleretta samfunnsfag og samfunnsfag i barnehagelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning.  Vi har per i dag 20 fast tilsette.  Det er fleire forskingsgrupper ved instituttet, mellom anna forskargruppe i samfunnsfagdidaktikk som er fellesgruppe med Universitetet i Bergen.


Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergrad­utdanning eller tilsvarande, og normalt med karakteren B eller betre på masteroppgåva. Utdanninga må vere relevant for forsking innanfor samfunnsfagdidaktikk. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, er det viktig at du legg ved godkjenning frå NOKUT.

Vitskaplege kvalifikasjonar utover mastergrad, som er relevant for fagområdet til stillinga, vil også bli vektlagde. Det same gjeld relevant arbeidserfaring frå undervisning.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt stor vekt på prosjektideen og prosjektskissa som ligg ved søknaden.

Prosjektskissa skal vere på maksimum 10 sider. Det skal kome fram kva du ønskjer å forske på, kvifor dette er relevant og i samsvar med utlysinga, og kva som er forskingsstatus på feltet. Skissa skal gjere greie for dei teoretiske og metodiske utgangspunkta for prosjektet, kva empiri/datagrunnlag ein tek sikte på å bruke.

Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk av aktuelle kandidatar for å vurdere personlege føresetnadar for å gjennomføre forskarutdanninga. Motivasjon og potensial for forsking innanfor fagfeltet er viktige føresetnader. Du må ha stor arbeidskapasitet, vere strukturert og  ha forståing for at eit doktorgradsløp er ein krevjande læringsprosess. Du må kunne arbeide sjølvstendig, vere nytenkande og kreativ.

Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Vi tilbyr

HVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei stor, spanande og samfunnsviktig verksemd.

Avdelinga har eit inkluderande og godt fagleg arbeidsfellesskap, der det er høve til fagleg og personleg utvikling.

Høgskulen i Volda har gode vilkår for forsking, og det finst fleire aktive forskargrupper på ulike fagfelt.

Pensjonsordningane ved høgskulen er gode. Stipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, og ved HVO er alle stipendiatar lønna i lønssteg 54 i alternativ 10. Det er lagt opp til ei jamn lønnsutvikling i perioden.


Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar i arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala ved høgskulen er universelt utforma, og vi legg til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på Arbeidsgiverportalen.

https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen.

Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

-          vitnemål og attestar

-          CV

-          Masteroppgåve

-          Eventuelle andre vitskaplege arbeid

-          Prosjektskisse, sjå informasjon lenger oppe i teksten

-          Evt. Stadfesting på opptak på doktorgradsprogram

Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila.

Søkjarane blir vurdert av eit sakkunnig utval. Alle innkomne søknader blir først vurderte av avdelinga.


Kontakt

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til instituttleiar ved IPAS, Nils Magne Magerøy, e-post Logg inn for å se kontaktinformasjon, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon, eller dekan ved ASH, Randi Bergem, e-post Logg inn for å se kontaktinformasjon, tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon


Om avdelinga

Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1300 studentar, fordelte på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).

Det beste med Volda

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. Produksjon: Chris-Håvard Berge





Om arbeidsgiveren
Høgskulen i Volda har om lag 3500 studentar og 350 tilsette og er organisert i 4 avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. I tillegg er Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa lagt til høgskulen. Det vert gitt undervisning innafor ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen driv forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland. Les mer om Høgskulen i Volda

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • APR 29
    2024
    2 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 01
    2024
    2 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
Flere muligheter
2 ledige stillinger

Se flere annonser

Send en åpen søknad til Trainee Narvikregionen! Vi deler din søknad med aktuelle arbeidsgivere i hele regionen!
Fortløpende Flere steder
Er du glad i faget ditt og ønsker en stilling i et stort og solid selskap? Da kan Bravida være
30.06.2024 Trondheim
Möchtest du spürbar etwas bewirken? Wir möchten einen wertvollen Beitrag zur Bewältigung von einigen der drängendsten Herausforderungen der Welt leisten.
28.04.2024 Flere steder
Are you looking to make a real impact? For over a century, our people have been the driving force in
28.04.2024 Flere steder
Vil du bli en del av vårt fantastiske team på sikkerhet? Vi er nå på jakt etter en serviceleder som
10.05.2024 Bergen
Ved vårt kontor i Verdal ønsker vi oss flere elektrikere/automatikere som vil bli involvert i og knyttet til vårt FM
Snarest Verdal
Er du klar for en ny utfordring? Vi er på jakt etter en ny serviceleder på rør! Avdelingen vår består
31.05.2024 Bergen
I forbindelse med økt oppdragsmengde søker vi etter flere SERVICETEKNIKER KULDE til vår service avdeling. Avdelingen har 70 medarbeidere og
06.06.2024 Trondheim
Vis alle 37.550 ledige stillinger