Om stillinga
I Utbyggingsdivisjonen, i område Vest, er det ledig stilling som prosjektsjef for fellesprosjektet E16 Arna – Stanghelle og Vossebanen. Fellesprosjektet er saman med Bane NOR og underlagt gjennomførings-ansvar til Statens vegvesen Utbyggingsdivisjonen.
E16 Arna – Stanghelle og Vossebanen omfattar bygging av veg og bane mellom Arna i Bergen kommune og Stanghelle i Vaksdal kommune på rundt 28 km. Det meste av strekninga går i fjell, og med ei løysing der veg og bane går parallelt med felles rømmingssystem.
Er du prosjektsjefen som ønskjer nye utfordringar og vil vere med å gjennomføre dette spennande prosjektet?
Kontorstad vil bli etablert på strekninga mellom Arna og Stanghelle.
Prioritet på gjennomføring vil vera knytt til løyvingar gjennom Statsbudsjettet.
Arbeidsoppgåver
Du har det overordna ansvaret for både veg og jarnbane der arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande i eit sterkt fagmiljø. Prosjektsjefen har personalansvar, og du må ha evne til å leie dyktige fagfolk på ein tydeleg måte og syte for at dei utviklar seg.
Du skal leie arbeidet med sikring av grensesnitt, ressursutnytting og synergiar på tvers av fellesprosjektet.
Som leiar er det viktig at du
- kommuniserer og samhandlar godt, ser løysingar og kan vise handlekraft gjennom fagleg styrke i eit fellesprosjekt
- engasjerer medarbeidarar og samarbeidspartnarar til å tenkje i framtidsscenario, og vurdere kva krav dette stiller til det som skal leverast til ei kvar tid
- er god til å samhandle med eksterne organisasjonar og media på ein positiv måte for prosjektet, Statens vegvesen og Bane NOR
- er resultatorientert og oppteken av å nå prosjektet sine målsetnader
- innbyr til tillit overfor entreprenørar og samarbeidspartnarar
- kan byggje ein god organisasjon rundt deg saman med dine overordna
Kvalifikasjonskrav
- Minimum 5 år ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule
- Minimum 5 års relevant erfaring, inkludert leiar- og prosjekterfaring
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Du har førarkort klasse B
- Stillinga føreset godkjend sikkerheitsklarering eller at slik kan gjevast
Vi vektlegg
- at du har god fagleg tyngd frå gjennomføring av samferdsleprosjekt
- at du er godt kjent med rolla ein byggherre og kan handtere ulike samarbeidspartar på ein god måte
- god kunnskap om regelverk innan relevante fagfelt og er godt kjent med handtering av å få arbeid utført etter kontrakt
- at du er sjølvstendig, initiativrik og jobbar strukturert
- at du har tilsvarande leiarerfaring frå store prosjektorganisasjonar
Dersom du har tatt heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av papira dine og godkjenning frå NOKUT (www.nokut.no)
Stort engasjement og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver som gjer at du får utvikle deg både fagleg og personleg.
Vi tilbyr deg også desse fordelane:
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- god pensjonsordning og moglegheit for lån i Statens pensjonskasse
- interne studier og gode høve for fagleg påfyll
Løna di blir avtalt i samsvar med vår lønspolitikk.
Statens vegvesen meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, li vserfaring og perspektiv, for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som treng det. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV - en, eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søk ar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar frå desse gruppene, må du oppfylle visse krav. Viss du høyrer til ei av desse gruppene, oppfordrar vi deg til å melde frå om dette ved å krysse av for det i jobbsøkarportalen. Avkryssinga i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine
Vi gjer merksam på at opplysningar om søknaden din kan bli offentliggjorde sjølv om du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil bli varsla om dette.
Ønskjer du meir informasjon om stillinga?
Dersom du ønskjer meir utfyllande opplysningar om stillinga og arbeidsoppgåvene kan du kontakte prosjektdirektør Kjartan Hove på mobil Logg inn for å se kontaktinformasjon.
Søk stillingen på www.vegvesen.no/jobb innen 24.05.2021.
Har du spørsmål ifm. utfylling av elektronisk CV, kan du kontakte kundeservice hos Jobbnorge på e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon eller ringe på tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon.