Veidekke er Norge sitt største entreprenørselskap med prosjekt, anlegg og driftskontrakter over store delar av landet. No søker Veidekke Bygg Sogn og Fjordane kandidatar til sommarjobb i vår byggverksemd frå juni - august 2024. Vi ser etter deg som studerer relevante ingeniørfag eller går teknisk fagskule.
Ein sommarjobb hos oss vil gjere deg godt kjend med prosjekta våre og produksjon. Her får du kjennskap til mange av våre fag og folk, og du får eit godt innblikk i vår modell for prosjektgjennomføring. Vi har avdelingskontor i Førde, på Sandane, i Sogndal og i Volda, og prosjekt i Sunnfjord, Nordfjord, Sogn og på søre Sunnmøre.
Arbeidsoppgåver du kan få
Variasjon er nøkkelordet for ein sommarjobb i Veidekke. Alle prosjekt er ulike. Det betyr at vi ikkje kan love deg alt, men du vil få bryne deg på ulike fag og oppgåver innan områder som driftsoppfølging, produksjonsplanlegging, HMS og kvalitetssikring. Du vil kunne få ansvar innan t.d. oppfølging av underentreprenørar, stikking- og landmåling og prosjektering. Kanskje har du interesse for klimagassrekneskap eller bruk av ny teknologi?
I Veidekke jobbar vi med prosjekt og kontrakt heilt frå planleggingsstadiet til ferdigstilling. Det gir deg eit innblikk i og erfaring med svært mange fag og ein kompleksitet som du kun finn hos entreprenørselskapa. I Veidekke er vi spesialistar på heile leveransen til ein kunde – og difor er involvering, samarbeid, leiing og kvalitet sentralt hos oss.
Dette ser vi etter hos deg
Vi ser etter deg som tek initiativ, likar utfordringar, menneske og teamarbeid. Du er interessert i kva ein utførende entreprenør gjer og har lyst til å bli betre kjend med oss i Veidekke.
Du må like å prøve nye ting, for vi kjem til å gje deg varierte oppgåver - om nokre er enkle, vil andre vere meir utfordrande. Om du er idérik, engasjert og flink, får du fort ansvar for noko du verkeleg likar å gjere.
Vi likar å ha det kjekt på jobb i Veidekke. Vi meiner det er samanheng mellom trivsel og kvalitet i arbeidet vi utfører og ein trygg og sikker arbeidsplass. Vi har sjølvsagt dei dyktigaste og kjekkaste folka i bransjen hos oss! Det er difor viktig at du kan utfordre deg sjølv og er komfortabel med å bli ein del av ein slik gjeng i løpet av nokre hektiske sommarmånader.
Vi gir deg
Ein sommarjobb hos oss vil gje deg praktisk erfaring som du kan ta med deg vidare i studiane. Både du og vi skal få utbytte av jobben du gjer. Det er ikkje hemmeleg at vi nytter sommarjobbane til å vurdere eigna kandidatar til Veidekke sitt program for nyutdanna. Ein sommarjobb kan dermed vere ei lærerik erfaring og ein inngangsport til jobb i Veidekke seinare.
Praktisk info til deg som søker
Ein sommarjobb kan du ha frå juni og ut august. Oppstart og varigheit kan variere og vert avtalt nærare på intervju.
Det er fint om du fortel oss kva for ei avdeling du føretrekk i arbeide i og fortel kort om motivasjonen din for å søke til oss.
Sogn og Fjordane har avdelingskontor i Førde, Sogndal, på Sandane og i Volda, og du vil jobbe på eit prosjekt som vert styrt og leia lokalt. Prosjekt du kan jobbe på kan vere kontor- og forretningsbygg, bustad, kulturbygg, skular eller helse- og omsorgsbygg. I vår byggeverksemd jobbar du vanleg arbeidsveke, og du kan bu heime.
Søknadsfrist: 31. januar 2024.Hugs å legge ved CV-en din og dine foreløpige karakterar.
SEND INN SØKNAD HER
Kontakt
Christine Aagård Midthjell
916 12 897
Søknadsfrist: 31.01.2024
Sted: Førde, Sogndal, Sandane, Volda