<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Prosjektleiar prosjektering Arna-Stanghelle Statens vegvesen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Er du den vi ser etter?

Har du lang erfaring med prosjektleiing frå store samferdselsprosjekt og kan tenke deg nye utfordringar i eit megaprosjekt der du jobbar med både veg og bane for to av dei største byggherrane i landet? Då er denne stillinga noko for deg!

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle (FAS) er Norges største tunnelprosjekt og eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR. Det skal byggast nesten 80 km tunnel som eit tunnelsystem for veg og bane med felles rømningskonsept og tekniske løysingar. Prosjektet omfattar to nye jernbanestasjonar og nye kryssløysingar for veg i dagsonene. Ny veg- og banestrekning vil vere rassikker, trygg og driftssikker. Den vil redusere reisetida og auke kapasiteten for både veg og bane.

Byggestart er planlagt i 2025, og prosjektet vil gjennomførast med felles organisering, prosjektering og bygging mellom Statens vegvesen og Bane NOR.

 

Er du fagleg sterk, resultatorientert og har god gjennomføringsevne?

Du kjem til å ha ansvaret for alle avtalane knytta til prosjektering i FAS. Oppgåva di blir å sørge for at desse vert gjennomførte trygt, innanfor budsjettet for ditt område, i tråd med tidsplanen for Fellesprosjektet og med rett kvalitet. Dette krev ein metodisk og systematisk tilnærming; du må planlegge framover, gjere prioriteringar og fordele ressursane effektivt. Du brenn for å finne betre måtar å gjere ting på, er villig til å lære, nysgjerrig og løysingsorientert.

Om du blir motivert av å jobbe saman med dedikerte kollegaer og har ein stor arbeidsglede, vil du vere ein viktig bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø internt og gode relasjonar eksternt. Du må ha forståing for utfordringane knytte til å vidareutvikle ein felles arbeidskultur for tilsette frå to ulike byggherreorganisasjonar, noko som vil utfordre dine kommunikasjonsevner. Arbeide med dedikerte kollegaer krev at du har fokus på overføring av erfaringar og utnytting av kompetanse.

 

Kompetansekrav

Minimum 3-årig relevant utdanning frå universitet eller høgskule innanfor relevant fagområde. Ved lang og relevant erfaring kan utdanningskrav i særskilde tilfelle fråvikast.

Solid erfaring frå tilsvarande leiingsfunksjonar, fleirfaglig koordinering og planlegging av store utbyggingsprosjekt.

Dersom du har tatt hele eller deler av utdanningen din i utlandet, anbefaler vi en autorisert oversettelse av dine papirer og godkjenning fra HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

 

Du kjenner deg att i fleire av desse punkta:

  • God forståing for byggherrerolla
  • Allsidig kunnskap innan fagområde og er medvite eigne faglege avgrensingar
  • Kjennskap til og forståelse av nødvendige krav, herunder lover og standarder, relevant for prosjektet
  • Erfaring i bygging av tverrfaglege team
  • God kunnskap innan bruk av digitale verktøy
  • Kompetanse i kontraktsleiing og offentlege innkjøp
  • Erfaring med verktøy for prosjektstyring og samhandling
  • Sterke kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg
  • Innsikt i fleire fagområde og erfaring med å handtere grensesnittet mellom dei på ein effektiv måte

 

Ansvarsområda dine vil vera:

  • resultatansvarleg for prosjekteringsarbeidet i FAS
  • ansvar for innkjøp og oppfølging av rådgivingskontraktane i FAS
  • personalansvar og oppgåveleiaransvar
  • ansvar for oppbygging, leiing, utvikling og ressursstyring av eiga linje i prosjektorganisasjonen
  • ansvar for å presentere prosjektet saman med Prosjektsjef mot eksterne interessentar
  • ansvar for rapportering i samsvar med vedtekne rutinar for eige ansvarsområde
  • ansvar for at styresmaktskrav knytta til prosjektering blir ivaretekne
  • ansvar for koordinering med andre faggrupper og tekniske etatar

 

Me forventar at du:

  • vil vere ein aktiv deltakar i leiargruppa i prosjektet
  • planlegg bemanning og tek personal- og oppgaveleiaransvaret for eiga linje
  • følgje opp avvik og at endringar frå regelverk og vedtekne planar blir kvalitetssikra og godkjent
  • sørge for at sikkerheita blir i samsvar med lover, forskrifter og styringssystem
  • jobbar proaktivt med kostnads- og klimagassreduserande tiltak i prosjektet, og at du fremjar eventuelle forslag til endringar
  • sikrar god kommunikasjon, både internt, og med våre leverandørar og interessentar
  • bidreg til teamutvikling og rett målforståing
  • bidreg til at Statens vegvesen og Bane NOR sitt omdømme vert teke vare på og styrka gjennom prosjektets varigheit

 

Kvifor skal du velje oss?

Som tilsett i dette prosjektet vert du ein viktig del av både Statens vegvesen og Bane NOR. Dette spennande prosjektet strekk seg over ein periode på 10 år frå byggestart, og gir deg eit unikt høve til å jobbe for to av Norges største byggherrar samtidig. Her vil du aktivt påverke samfunnsutviklinga knytt til eit svært etterlengta samferdselsprosjekt.

 

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

 

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

 

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

 

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg. Send inn søknad her.

 

Har du spørsmål om stillinga?

Kontaktperson: Katrine Sælensminde Erstad

Stillingstittel: Prosjektsjef Fellesprosjektet Arna-Stanghelle

Telefon: 41 68 09 12

Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen leder an i utviklingen av et framtidsrettet, effektivt, miljøvennlig og trygt transportsystem. Vi bygger, drifter og vedlikeholder landets riksveier, og vi tar vare på helheten gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydelig regelverk og standarder for alle.

Gjennom arbeid og tilsyn med trafikanter og kjøretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tjenester sikrer vi trafikantene og næringslivet en tryggere, enklere og grønnere reisehverdag. 

Virksomheten vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjoner.

Les mer om Statens vegvesen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 09
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 11
    2025
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 12
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 13
    2025
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 14
    2025
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
16 ledige stillinger
Traineeprogram
Internship / Praktikanter
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 85%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 85%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 80%
Student
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Vil du jobbe hos Norges ledende selskap innen vaskeri- og tekstiltjenester? Vi er den eneste landsdekkende aktøren i vår bransje,
07.06.2025 Gjøvik
Vil du ha sommerjobb hos Norges ledende selskap innen vaskeri- og tekstiltjenester? Vi er den eneste landsdekkende aktøren i vår
01.06.2025 Skien
Vi søker Produksjonsleder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
11.05.2025 Ålesund
Vi søker Teknisk leder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
11.05.2025 Ålesund
Vil du være den som legger til rette for at ungdom får en positiv opplevelse med sitt første møte med
11.05.2025 Oslo
Er du vår nye prosjektleiar i Førde/Sunnfjord? Vi ser etter deg som vert trigga av utfordringar, likar samarbeid og involvering
02.06.2025 Sunnfjord
Om oss Vi mener at inkludering og mangfold er en styrke. Vi ønsker oss kollegaer med ulike kompetanser, fagkombinasjoner, livserfaring
29.05.2025 Oslo
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
25.05.2025 Oslo
Vis alle 36.054 ledige stillinger

Fakta om Statens vegvesen