Statens Vegvesen arbeider for at alle som går, syklar, kjører eller reiser kollektivt skal komme trygt og sikkert fram. Vi har ansvaret for å forvalte, planlegge, bygge, drifte og vedlikehalde riks- og fylkesveger, og vi har tilsyn med kjøretøy og trafikantar.
Vi søker nå etter to førarprøvesensorar til å vera med på laget vårt.
På laget vårt vil du vere ansvarleg for avvikling av praktiske og teoretiske førarprøver. Det inneber at du har evne og interesse til å foreta objektive vurderingar av trafikantane si trafikkforståing og mestring av kjøretøy i trafikken. Du er også engasjert i trafikksikkerheit og trafikksikker kjøring.
Som førarprøvesensor vil du i stor grad arbeide med forvaltning av lov og forskrifter og har ein stor grad av direkte kontakt med publikum. Vi søkjer difor etter deg som trivast med menneske og har ynskje om å utvikle dine formidlingsevner. Du ser det som ei positiv utfordring å kombinere myndigheitsrolla med tenesteyting.
Arbeidsoppgåver
- Avvikling av teoretiske og praktiske førarprøvar
- Sakshandsaming innanfor førarkort og føraropplæring
- Anna trafikktryggleiksarbeid
Kvalifikasjonar
- Trafikklærarutdanning, pedagogisk utdanning eller annan relevant utdanning frå universitet-/høgskule, min. 2-3 år
- Føresetnad for å oppnå dei andre førarkortklassene, samt oppfylle helsekrav som er fastsatt klasse D
- Ønskeleg med praksis frå trafikantopplæring, gjerne innan tungbil
- Førarkort minimum klasse B og har hatt førarrett samanhengande dei 5 siste åra
- Du må vere fylt 25 år for få å godkjenning som førarprøvesensor
- Gode språkkunnskapar, både munnleg/skriftleg
For søkjarar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning fråvikast.
Norsk er arbeidsspråket i Statens vegvesen. Du må kunne ordleggje deg skriftleg og munnleg på norsk, slik at du kan utføra arbeidsoppgåvene sjølvstendig.
Som ein del av opplæringa vil du få delta på våre interne høgskulekurs innan fagområdet. Obligatorisk opplæring starter 01.01.2018 og det er en føresetnad at aktuelle søkjarar kan tiltre i stillinga innan denne datoen. Arbeidsstad vil vere i Heiane 4, Åsane.
Vi vil leggje særs vekt på dine personlege eigenskaper og haldningar og ynskjer ein kollega som:
- har sosiale og pedagogiske evner
- er strukturert og systematisk
- er lojal og sjølvstendig
- spelar på lag og liker å samarbeide
Stort engasjement, mykje ansvar og fagleg utvikling
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit engasjert og tungt fagmiljø som tenkjer nytt, deler kunnskap og jobbar tett saman. Du påverkar samfunnsutviklinga, og du får bidra til framtidsrettaløysingar på fagfeltet ditt. Vi gir deg viktige oppgåver med mykje ansvar, og vi treng medarbeidarar som ønskjer å utvikle seg i takt med nye utfordringar. Fagleg etatsopplæring blir gitt når dette er naudsynt.
Medarbeidarane våre fortel om spennande arbeidskvardagar med god balanse mellom arbeid og fritid.
Vi tilbyr
- utfordrande oppgåver og moglegheit til å skape eit spennande fagleg miljø
- særs god moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- introduksjonsprogram og fadderordning
- fleksitid og gode ordningar for avspasering
- pensjonsordning og muligheit for lån i Statens pensjonskasse
- triveleg arbeidsmiljø med gode velferdsordningar
- etatsskoler og gode muligheiter for fagleg påfyll
Lønn vert fastsett etter nærmare avtale i samsvar med etaten sin lønnspolitikk, og det vert trekt 2 prosent pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.
Statens vegvesen skal vere prega av mangfald, og dei tilsette hos oss skal spegle befolkninga. Vi leggvekt på å leggje arbeidsforholda til rette dersom du har behov for det.
Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, må den vere godkjend av NOKUT (www.nokut.no)
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan verte offentleggjord, sjølv om du har bedt om unntak frå denne. Du vil i så fall verte varsla.
Link til søknadsskjema:
Send søknadFor mer informasjon kontakt: , Tom Gullachsen, Mobil +47 96236922
Adresse: Heiane 4 5131 NYBORG