<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Legestilling i rettsmedisin (50%) ved Det medisinske fakultet Universitetet i Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Legestilling i rettsmedisin (50%)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, Gades laboratorium for patologi, er det ledig ein midlertidig legestilling i rettsmedisin (50%).Vi søker fortrinnsvis etter lege som er, eller snart blir spesialist i patologi eller rettsmedisin (svensk eller dansk spesialistgodkjenning).

Stillinga kan bli knytt til ein overlege/LIS-stilling (minimum 50 %) ved Avdeling for Patologi ved Haukeland universitetssjukehus, med same arbeidsstad.

Eininga utførar rettsmedisinske obduksjonar for politi, påtalemyndigheit og domstolar, rettsmedisinsk undersøking av levande personar (klinisk rettsmedisin), åstadundersøkingar og rekonstruksjonar. Det vert og gitt sakkunnige erklæringar basert på innsendt dokumentasjon, utan eigen personundersøking.

Den rettsmedisinske eininga er under omorganisering, sjå under:  

"Helsedirektoratet har gått inn for at helseforetaka bør vere ansvarlege for rettsmedisinske oppgåver i regionen, og at det samstundes vert oppretta ein eigen spesialitet i rettsmedisin. Det ventast at helsedepartementet gjer helseforetaka eit slikt oppdrag, men noko tidspunkt er enno ikkje fastsatt."

Ved ein slik virksomhetsoverdragelse vil rettsmedisinfunksjonen overførast til Helse-Bergen.

Rettsmedisinsk obduksjonsverksemd er teljande i spesialistutdanninga i patologi med inntil 50 obduksjonar.

Arbeidet fører med seg at legane tidvis vert innkalla som sakkunnige ved forhandlingar i retten, Dette gjeld i ulike straffesaker der legane har gitt rettsmedisinske erklæringar i saker om vold.

Avdelinga driv i hovudsak sakkunnig verksemd i straffesaker, men tek og del i og bidrar til forsking innan ulike problemstillingar. Det er ønskjeleg at dei som vert tilsett tek del i avdelinga sine forskingsaktivitetar. Undervising av medisinske studentar, men også av oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar, går føre seg i avgrensa omfang, og legane skal ta del i dette etter nærare avtale.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
  • Legen som tilsettast skal ta del i avdelinga sitt daglege arbeid, først og fremst rettsmedisinske obduksjonar, åstadundersøkingar og rekonstruksjonar knytt til dødsfall, samt i etterarbeidet med slike erklæringar. Legen som tilsettast skal og ta del i andre oppgåver som klinisk rettsmedisinske undersøkingar.
  • Dei rettsmedisinske obduksjonane utførast til vanleg morgon og føremiddag innafor ordinær arbeidstid, og ei vaktordning for denne dag-tenesta eksisterer. Det er for tida inga vaktordning utanom ordinær arbeidstid, og omfanget av slike oppgåver er avgrensa. Slike oppgåver, som er viktige for opplæringa i faget, vil kunne bli honorert ekstra etter avtale med oppdragsgjevar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Norsk autorisasjon som lege.
  • Godkjent spesialist eller påbyrja spesialitet i patologi, spesialitet i rettsmedisin frå Danmark eller Sverige, eller kortare tid igjen til ein av desse typar spesialitet er fullført.
  • God skriftleg og munnleg evne til formulering på norsk. Kandidatar med dansk eller svensk som hovudskriftspråk kan vurderast som aktuelle, men det forventast at norsk vert nytta som skriftspråk innan kort tid.
  • God skriftleg og munnleg evne til formulering, også på engelsk.
  • Interesse for rettsmedisin, medisinsk sakkunnigarbeid og tverrfagleg samarbeid.
  • Forskingserfaring og interesse er ein føremon.
  • Autorisasjon og attestar må leggjast ved eller leggjast fram på spørsmål.

Personlege eigenskapar

  • Å vere personleg eigna veg tungt, då arbeidsform og arbeidsoppgåver er spesielle og kan vere krevjande.
  • Vi ser etter nokon som arbeider nøyaktig og effektivt, på ein systematisk, ryddig og metodisk måte, og som har evne til samarbeid i eit hektisk miljø.

Vi tilbyr:
  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Legestillinga i rettsmedisin lønnast som tilsvarande LIS-lege stilling ved Avdeling for Patologi, Haukeland universitetssjukehus og etter gjeldande overeinskomst; basislønn kr 784 500,-(LIS-lege 4 år av spesialiseringa) eller 825 000 (legespesialist). Det gis ulike tillegg i lønn.Tillegg for rettsmedisinsk arbeid kan og påreknast.
  • Kvalifiserte kandidatar kan etter individuell vurdering, og etter avtale med Avdeling for patologi, HUS, gis moglegheit for deltidsstilling (minimum 50%) slik at det vil være mogleg å kombinere rettsmedisinsk sakkunnigarbeid med spesialisering i patologi eller diagnostisk arbeid i sjukehus.
  • Opplæring under rettleiing og supervisjon i dei ulike arbeidsoppgåvene og rutinane, for på sikt å bli sjølvstendig sakkunnig. Tilrettelegging for relevant kursdeltaking, tileigning av nødvendig erfaring og fagleg oppdatering.
  • Moglegheiter for forsking og fordjuping i relevante rettsmedisinske problemstillingar etter avtale.
  • Ein interessant og meiningsfull jobb i eit travelt, aktivt og engasjert fagmiljø i utvikling.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode

Søknaden skal innehalde:
  • Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • Utfyllande CV, vitnemål og attestar
  • Eventuell fullstendig publikasjonsliste
  • Namn og kontaktinformasjon til minst to referansar
Generell informasjon:

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til professor Kathrine Skarstein (seksjonsleder), telefon: Logg inn for å se kontaktinformasjon /Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post:   eller instituttleder, professor Christian Vedeler, mobilnummer Logg inn for å se kontaktinformasjon, e-post:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen .





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 15
    2025
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 18
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 21
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
21 ledige stillinger
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Lege
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Nor Tekstil er landets ledende leverandør av tekstiltjenester med 26 industrivaskerier lokalisert fra nord til sør, med til sammen ca.
22.05.2025 Kinn
We’re looking for a Data and Analyst Specialist to join our global technology powerhouse, specialized in energy and dedicated to
Snarest Stavanger
Er du vår nye renholder?
16.05.2025 Hole
Bli en ekte Human influencer. Helsefagarbeidere til hjemmesykepleie
Fortløpende Oslo
Velkommen til Norlandia Care – Der du gjør en forskjell! Vi ser etter engasjerte helsefagarbeider som ønsker å jobbe som
31.05.2025 Oslo
Vi søker vikar som kjøkkenassistent - gjerne med fagbrev.
16.05.2025 Hole
Vi har prosjektene. Du har kompetansen. La oss slå oss sammen!
Fortløpende Flere steder
Vi har prosjektene. Du har kompetansen. La oss slå oss sammen!
Fortløpende Flere steder
Vis alle 40.887 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen