Universitetet i Bergen

Forskning og utvikling
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre.
Les mer
Logg inn for å få full tilgang
Er du interessert i arbeidsgivere som denne? Da bør du opprette din profil slik at arbeidsgivere kan oppdage deg. Vi vil også tipse deg om relevante jobbmuligheter.
Ikke medlem? Registrer deg gratis her!
Bedriftsprofil
Her kan du lese om jobbmuligheter og
ledige stillinger

Ledige stillinger hos Universitetet i Bergen

Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXYPostdoktor i algoritmarVed Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor innan forskingsfeltet algoritmar med fokus på algoritmar for grafklasser. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.Institutt for informatikk har sju forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene har stor eksternfinansiering, blant anna frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå.Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Alle tilsette vert forventa å bidra til framifrå forsking og undervisning av høg internasjonal kvalitet. Arbeidsplass for denne stillinga vil vera hos forskingsgruppa Algoritmar. Den som vert tilsett vil jobbe med Professor Pinar Heggernes på algoritmar for og strukturelle eigenskapar for grafklassar.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor informatikk eller matematikk med spesialisering innan grafalgoritmar og grafteori, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.Ein sterk bakgrunn i teoretiske aspektar av diskrete algoritmar med fokus på grafalgoritmar er eit ufråvikelig krav.Ein sterk bakgrunn i grafteori med fokus på grafklassar er eit ufråvikelig krav.Erfaring frå parametriserte algoritmar er ein sterk føremon.Erfaring frå undervisningsassistanse er ein sterk føremon.Søkjarar må beherske det engelske språket perfekt, både skriftleg og munnleg.Norskkunnskapar dokumentert ved beståtte eksamenar eller sertifikat er ein sterk føremon.Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.Om postdoktorstillinga:Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling på 4 år og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. 25% av arbeidstida skal brukast på undervisning og formidling ved Institutt for informatikk. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.Vi tilbyr:Eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljøLøn etter lønssteg 60 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 4) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 532 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarSøknaden skal innehalde:ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillingaei kort beskriving av eit utval forskingsproblem som søkjaren planlegg å jobbe med, inkludert metodar og idear som søkjaren kan tenkja seg å applisere, samt kvifor desse problema er viktige og relevantenamn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanningaCVkarakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levertrelevante attestarliste over alle publikasjonarutval av publikasjonar; høgst fem av dei viktigaste bidraga av søkjaren til forskingsfeltetSøknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innan 15. oktober 2019.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:Instituttleiar, Professor Pinar Heggernes.For HR-relaterte førespurnader ta kontakt med Lene EngelsgjerdDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
15.10.2019 Bergen
UiB - Knowledge that shapes societyThrough robust and close interaction with the world around us - globally, nationally and locally - we shall be instrumental in building a society based on knowledge, skills and attitudes.Do you want to take part in shaping the future?Video: https://www.youtube.com/watch?v=JRdMR-PhbBQ&t=4sPostdoctoral Research Fellow positionThe University of Bergen, Norway, welcomes applications for a Postdoctoral Research Fellow position in Political Science/Political Communication. The position is for a period of 4 years, 75% of which is dedicated to research and 25% of which is dedicated to project administrative tasks and/or teaching and supervision. The successful candidate will be affiliated with the Digital Social Science Core Facility (DIGSSCORE) and with the Department of Comparative Politics.The position is funded by the research project Terms of Agreement: The Challenge of Muslim Inclusion, which was awarded by the Research Council of Norway. The project is led by Professors of Political Science Elisabeth Ivarsflaten, University of Bergen; Stefan Dahlberg, University of Bergen and University of Gothenburg; and Paul Sniderman, Stanford University and University of Bergen.About the project/work tasks:To complement and add to the other research in the project, we now seek a candidate who wishes to pursue their own postdoctoral research project on media content, including in online media, about Muslims. The successful applicant will have experience in and a wish to continue doing research using spontaneously generated online text data. The post-doctoral fellow will have access both to a massive comparative online text archive built by Professor Stefan Dahlberg and to the survey and lab infrastructures run by the Digital Social Science Core Facility at the University of Bergen.The position of postdoctoral research fellow is a fixed-term appointment with the primary objective of qualifying the appointee for work in top academic positions. The fixed-term period for this position is 4 years. Individuals may not be hired for more than one fixed-term period as a postdoctoral research fellow at the same institution. The candidate is expected to relocate to Bergen.Qualifications and personal qualities:The applicant musthold (or be close to submission and defence of) a PhD within political science, political communication, media studies or similar fields. It is a condition of employment that the PhD has been awardedhave experience in and a wish to continue doing research using spontaneously generated online text datahave advanced skills in methods used to analyse online text data. Experience in quantitative content analysis, such as distributional semantics and topic modelling is meritorious, but not a requirementbe able to work independently and in a structured manner and have the ability to cooperate with othersbe proficient in both written and oral Englishknowledge of Scandinavian languages is beneficial for this position, but not a requirementPotential candidates will be invited for an interview and a trial lecture.We can offer:A vibrant and ambitious intellectual environmentSalary at pay grade 59 - 62 (code 1352) on the government salary scale upon appointment (equivalent to NOK 523 200.- to 552 800.- pr. year). Further promotions are made according to length of service in the position.Enrolment in the Norwegian Public Service Pension Fund.Good welfare benefits.Your application must include:A cover letter stating the applicant's research interests and motivation for applying for the position.CVA research proposal (maximum 4 pages) outlining how the candidate will make scientific advances within the broad theme of media content, including in online media, about Muslims.The full text of a maximum of five publications to be considered in the assessment (co-authored publications must be accompanied by declarations of co-authorship).A reference list including all works of a scientific nature.The names and contact information for two reference persons. One of these must be the main supervisor of the PhD thesis.Transcripts and diplomas and official confirmation that the doctoral thesis has been submitted.Relevant certificates/letters of recommendation.The application and appendices with certified translations into English or a Scandinavian language must be uploaded at www.jobbnorge.noThe application has to be marked with: 19/23375The closing date is October 15, 2019.Applications sent by e-mail will not be evaluated.General information:Detailed information about the position can be obtained by contacting: Professor Elisabeth Ivarsflaten, Department of Comparative Politics, University of Bergen: eiv001@uib.no. Practical questions about the application process should be directed to Adviser - HR: Even Michal EndresenThe state labour force shall reflect the diversity of Norwegian society to the greatest extent possible. People with immigrant backgrounds and people with disabilities are encouraged to apply for the position.We encourage women to apply. If multiple applicants have approximately equivalent qualifications, the rules pertaining to moderate gender quotas shall apply.The University of Bergen applies the principle of public access to information when recruiting staff for academic positions.Information about applicants may be made public even if the applicant has asked not to be named on the list of persons who have applied. The applicant must be notified if the request to be omitted is not met.Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
15.10.2019 Bergen
Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXYForskarVed Matematisk institutt er det ledig ei mellombels stilling som forskar i anvend og utrekningsorientert matematikk - porøse media frå 1. januar 2020. Stillinga er for ein åremålsperiode på 1 år, knytt til prosjektet "Thermo-Mechanical Subsurface Energy Storage (TheMSES)", finansiert av <>-satsinga ved Noregs Forskingsråd.Prosjektet fell inn under forskingsgruppa for porøse media, som omfattar omkring 30 personar, inkludert fast vitskaplege tilsatte, postdoktorar, ph.d- og masterstudentar.Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Hovudmålet med TheMSES-prosjektet er å etablere matematiske modellar og numeriske metodar som vert kravd for å vurdere og utvikle energilagring under overflaten.Forskerprosjektet knytt til denne utlysinga dreier seg om å forstå korleis sprekkar kan oppstå og opnast som følgje av endringar i strøyming og temperatur i grunnen når varme væsker vert pumpa ned under høgt trykk og seinare produsert. Denne utlysninga høyrer til Arbeidspakke 1, der hovudmålet er å utvikle matematiske modellar og tilhøyrande numeriske løysingsmetodar som kan bidra til å forstå korleis ulike prosessar i undergrunnen påverkar kvarandre . Det skal rettast særleg merksemd mot effektar av gjentatt lagring og produksjon i same formasjon. Utvikling av matematiske og numeriske modellar for å forstå korleis ulike mekanismar for opning og forplantning av sprekkar virkar saman, vil vere sentrale oppgåver i prosjektet.TheMSES-prosjektet involverer samtlege fast tilsette i forskingsgruppa for porøse media ved instituttet, og har allereie rekrutttert fire ph.d studentar og ein postdoktor. Se http://themses.b.uib.no for ytterlegare informasjon.Nærare omtale av instituttet kan ein finne på https://www.uib.no/mathKvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. - grad eller tilsvarande utdanning innanfor anvend og utrekningsorientert matematikk, eventuelt i fysikk, geovitskap eller tilsvarande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.Solid bakgrunn i matematisk modellering, partielle differensiallikningar, numeriske metodar og numerisk simulering er ein føremon.Erfaring med bruksområde innan bergmekanikk, elastisitet og eventuelt også strøyming i porøse media er ein føremon.God evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert og gode samarbeidsevner.Flytande skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.Vi kan tilby:eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljøløn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarSøknaden skal innehalde:ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinganamn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanningaCVkarakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levertrelevante attestarliste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)eventuelle publikasjonarSøknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Jan Martin Nordbotten, jan.nordbotten@uib.noDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
15.10.2019 Bergen
Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXYForskarVed Matematisk institutt er det ledig ei fast stilling som forskar i anvend og utrekningsorientert matematikk - porøse media frå 1. januar 2020. Stillinga er finansiert av eksterne midlar.Det første året av stillinga er knytt til prosjektet "Thermo-Mechanical Subsurface Energy Storage (TheMSES)", finansiert av <>-satsinga ved Noregs Forskingsråd. Deretter er dei neste to åra av stillinga knytt til prosjektet "Multi-phase flow in fracture networks (FracFlow)", finansiert av Akademia.Prosjekta fell inn under forskingsgruppa for porøse media, som omfattar omkring 30 personar, inkludert fast vitskaplege tilsatte, postdoktorar, ph.d- og masterstudentar.Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Stillinga skal følgje opp arbeidsoppgåver i dei to nemnde prosjekta dei tre første åra av stillinga. Dette inkluderer matematisk modellering, samt utvikling og analyse av numeriske metodar for problem med deformerbare porøse media, sprekker, og fleir-fase flyt. Etter dei tre første åra, blir stillinga fortløpande knytt til arbeidsoppgåver i nye prosjekt, avhengig av prosjektinngang. Det er ein del av stillinga å både medverke til og leie prosjektsøknader.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d. - grad eller tilsvarande utdanning innanfor anvend og utrekningsorientert matematikk, eventuelt i fysikk, geovitskap eller tilsvarande, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.Solid bakgrunn i matematisk modellering, partielle differensiallikningar, numeriske metodar og numerisk simulering er eit krav.Erfaring med likningane for elastisitet og strøyming i porøse media, og metodar for løysing av desse er eit krav.Erfaring frå utarbeiding av søknader om prosjektmidlar.God evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid.Flytande skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.Vi kan tilby:eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljøløn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 523 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.medlemsskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningarSøknaden skal innehalde:ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinganamn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanningaCVkarakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levertrelevante attestarliste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)eventuelle publikasjonarSøknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet hører innunder.Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder.Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjektForskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykkGenerell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Jan Martin Nordbotten, jan.nordbotten@uib.noDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
15.10.2019 Bergen
Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXYInstituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstillingVed Matematisk institutt er det frå 1. januar 2020 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år. Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten til instituttet innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling. Instituttleiaren inngår i fakultetet si leiargruppe.Om instituttetModerne samfunn er i stor grad basert på matematikk og matematisk kunnskap, samstundes som matematikk er avgjerande viktig for utviklinga av naturvitskapane, teknologifaga ogandre sentrale fagområde. Matematisk institutt har som hovudmål å utvikle matematikkfaget og gi kunnskap og kompetanse til samfunnet gjennom forsking og utdanning. Instituttet har forsking innan statistikk, rein- og anvend matematikk og matematikkdidaktikk. Fagmiljøet bidreg ògtil tverrfagleg forsking. Instituttet leverer solid utdanning og har ei stor rolle i alle studieprogramma ved fakultetet, inkludert lektorutdanninga.Nærare opplysningar om Matematisk institutt finn du på instituttet si heimeside.Om stillingaInstiuttleiar si viktigaste oppgåve er å utvikle instituttet i tråd med hovudmålet, synleggjere den viktige rolla matematisk forsking og utdanning har i samfunnet og posisjonere matematikkfaget ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle i fagområdet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve for instituttleiar å stimulere til auka ekstern forskingsfinansiering ved instituttet.Instituttleiar har eit overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar rapporterer til dekan, inngår i fakultetet si leiargruppe og leiar instituttrådet.ArbeidsoppgåverInstituttleiar sine viktigaste oppgåver er åleie og utvikle verksemda ved instituttet med vekt på høg kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjon, i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergenrepresentere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeidbidra til utviklinga av fakultetetstimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskingsfinansieringskape ein positiv organisasjonskultur og stimulere og motivere til eit produktivt og godt arbeidsmiljøskape arenaer for samarbeid, medverknad og dialogsørgje for tenlege infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemdasørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinarKvalifikasjonar og eigenskaparVi søkjer ein instituttleiar somhar gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiinghar evne til å sette mål og arbeide strategisk for institutteter ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttetI tillegg vert det lagt vekt pågod forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom.ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialoggode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksterntleiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentarVi tilbyreit godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljøløn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475)medlemsskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningarDet vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få frå dekan Helge K. Dahle, telefon +47 55 58 48 56 / e-post helge.dahle@uib.no, eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon+47 55 58 81 98 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no.Alle spørsmål blir handsama konfidensielt.Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og likeeins personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
15.10.2019 Bergen
Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXYOveringeniør/avdelingensingeniørVed Institutt for fysikk og teknologi (www.uib.no/ift) er det ledig ei fast stilling som overingeniør eller avdelingsingeniør i mechanical engineering eller CNC-operatør, avhengig av kvalifikasjonane til den som vert tilsett.Ved instituttet vert det gjort forsking på høgt internasjonalt nivå innan eksperimentell fysikk. For at instituttet skal kunne ta del i dette arbeidet, treng vi fagfolk med brei og oppdatert teknisk kompetanse. Vi bygger mellom anna vitskaplege instrument som skal integrerast i satellittar, rakettar eller fly. Vi har designa og bygd eit stort røntgen/gamma måleinstrument for "Atmosphere-Space Interaction Monitor" som nå flyr på den internasjonale romstasjonen. Vi bygger tilsvarande instrument for flykampanjar over Amerika og Sentral-Amerika. Vi designar og bygger delar til et røntgen-teleskop for <> - eit kinesisk-europeisk satellittprosjekt som er planlagt for oppskyting i 2024. Ingeniøren vil ta del i design, bygging og testing av desse.Arbeidsoppgåver:Maskinering ved bruk av manuelle og CNC-styrte dreiebenkar og fresmaskinar.Framstilling av høgteknologiske mekaniske komponentar for bruk i rommet.Delta i design, utvikling, produksjon og testing av mekaniske løysingar for romapplikasjonar.Lese mekaniske teikningar, dokumentasjon og standardar.Drift av termisk-vakuumkammerEin del reising må påreknas.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjarar må ha mastergrad, bachelorgrad, eller ingeniørutdanning innan maskinteknikk eller liknande. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.Søkjaren må kunne jobbe under press, levere innanfor tette tidsfristar og forvente overtidsarbeid når det er nødvendig.Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.Søkjaren må ha erfaring som operatør av manuelle CNC-styrte fresar og dreiebenkar.Erfaring med CAD, CAM og FEM er naudsynt.Kunnskapar i ProE/Creo Parametric og Mechanica er ein føremon.Vi tilbyr:Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.Stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 53-60 i det statlege regulativet (kr 472 000 - 532 300), alternativt som avdelingsingeniør (kode 1085/LR22) i lønssteg 47-54 (kode 1085/LR22) i det statlege regulativet (kr 428 200 - 479 600).For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarDen som vert tilsett skal arbeide med utstyr som er under eksportkontroll i henhold til "Strategic Trade Authorization (STA)" i amerikanske eksportlover, og søkjaren må oppfylle krava som er sett i desse. Søkjarar frå dei fleste europeiske land og USA gjer det.Søkjaren bør opplyse om ho/han søkjer stilling som overingeniør eller avdelingsingeniør eller om begge typar stilling er aktuelle.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: leiar for teknisk avdeling, professor Kjetil Ullaland, tel. 55 58 28 71, Kjetil.Ullaland@uib.no eller senioringeniør Georgi Genov, tel. 55 58 29 97, Georgi.Genov@uib.no.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
16.10.2019 Bergen
Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXYStudiekonsulent (førstekonsulent)I studieseksjonen ved Det juridiske fakultet er det ledig eit halvt års vikariat i 100 % stilling som studiekonsulent (førstekonsulent), med moglegheit for forlenging. Tiltreding så raskt som mogleg.Studieseksjonen bidreg til å utdanne framtidas juristar og ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag gjennom effektiv, etterretteleg og etisk bevisst administrasjon og forvaltning. Seksjonen arbeider kontinuerleg med å vidareutvikle kvalitet i studiet og å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar. Fakultetet var tidleg ute med digital eksamen, og nyttar i utstrekt grad digitale hjelpemiddel i både vurdering, utdanning og forskingsformidling.Det juridiske fakultet tilbyr Noregs mest populære utdanning, femårig masterprogram i rettsvitskap og er blant dei leiande forskingsmiljøa i Norden innan strafferett, straffeprosess og politirett.ArbeidsoppgåverCa. 50 % av stillinga er knytt til saksbehandling av sensurklager. Resten av arbeidstida er knytt til studieadministrative driftsoppgåver innanfor undervisning, eksamen og enklare saksbehandling, i tillegg til å avlaste kollegaer ved arbeidstoppar og fråvær.Stillinga passar særs bra for deg som er fleksibel og tek ei utfordring på strak arm, samstundes som du kan arbeide etter godt utvikla prosess- og rutinerettleiingar. Du vil få varierte arbeidsdagar og må evne å halde hovudet kaldt i hektiske periodar.Den som blir tilsett vil primært inngå i seksjonens studieårsgruppe, men kan også få andre studieadministrative oppgåver.Kvalifikasjonar og eigenskaparhøgare utdanning, minimum bachelorgrad. Du treng ikkje ha juridiske emne i graden din, og kandidatar frå alle relevante fagområde blir oppmoda til å søkjepraksis og erfaring frå studieadministrativt arbeid, saksbehandling og prosjektarbeid. Erfaring frå organisasjons- og servicearbeid kan også vere relevantgod skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk, begge målformereffektiv, ansvarsbevisst og fleksibelevne til å prioritere mellom oppgåver og trivst med å halde orden på parallelle arbeidsprosessar og mange aktivitetar samstundesgode kommunikasjons- og samarbeidsevnerRelevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.Vi kan tilbyvarierte oppgåver og sjølvstendig ansvarhyggelege kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljøfleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstidaløn som førstekonsulent etter lønssteg 49 - 54 (p.t. kr. 442 300 - 479 600) (kode 1408/LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn.Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til assisterande fakultetsdirektør og leiar for studieseksjonen Christine Stoltz Olsvik, tlf. 911 47 401, e-post: christine.olsvik@uib.noDen som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillingaDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.Nærare om tilsettingsprosessen her.Velkommen som søkjar!Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
16.10.2019 Bergen
UiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Video: https://www.youtube.com/watch?v=0E0cOZpZQXYFørsteamanuensisVed Matematisk institutt er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i matematisk analyse, nærare bestemt i analyse av ikkje-lineære dispersive partielle differensiallikningar (PDE).Arbeidsoppgåver/forskingsområde:Vi søkjer ein person med sterk forskingsbakgrunn, som har gitt originale forskingsbidrag innan analyse av ikkje-lineære dispersive PDE. Meir spesifikt vil det verte gitt preferanse til kandidatar med forskingsbakgrunn innan følgjande felt:Well-posedness og ill-posedness av ikkje-lineære dispersive likningar.Bruk av teknikkar frå harmonisk analyse på ikkje-lineære dispersive likningar.Dynamikk av løysingar, og danning av singularitetar, for ikkje-lineære dispersive likningar.Med utgangspunkt i desse fagfelta søkjer vi best mogleg kvalitet innan forsking, undervising og formidling. Instituttet arbeider for ei kontinuerleg forbetring av undervisinga, ein breiare aktivitet innanfor formidling og rekruttering, samt ein auke i eksternfinansierte prosjekt, og det vil verte gitt preferanse til kandidatar som kan medverke til å styrke desse områda.Det vert forventa at førsteamanuensen underviser og utviklar matematikkemne på alle nivå ved instituttet, rettleiar studentar fra bachelor- til ph.d-nivå, og byggjer opp og held ved like ei forskingsgruppe ved hjelp av ekstern finansiering.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjarar må ha doktorgrad i matematikkSøkjarar må ha ei sterk forskingsbakgrunn i ikkje-lineære dispersive PDE, med preferanse for fagfelta nemnde over.Søkjarar må ha eit sterkt internasjonalt nettverk av forskarar som dei samarbeider med.Søkjarar må ha erfaring med å byggje opp og leie ei forskingsgruppe med postdoktorar og doktorgradsstipendiatar.Søkjarar må kunne dokumentere evne til å henta inn ekstern forskingsfinansieringSøkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevnerSøkjarar må ha svært gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnlegPersonlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.Utdanningsfagleg kompetanseTil stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervising og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervising og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervising vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervising i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, og den som blir tilsett må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.Vi tilbyr:eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljøløn etter lønssteg 66 - 74 (kode 1011). Dette utgjer ei årsløn på kr 594 400 - 691 400 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.medlemskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningarFørsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15. september kvart år.Søknaden skal innehalde:CVvitnemål og attestarfullstendig publikasjonslisteei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, og ei kort oppsummering av dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)ei fullstendig liste over undervisningserfaringvedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonarliste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publisertenamn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeidSøknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Sigmund Selberg, instituttstyrer ved Matematisk institutt, e-post: sigmund.selberg@uib.no , tlf 55584277.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
17.10.2019 Bergen

Rekrutteringskalender

  • OKT 15
    2019
    5 STILLINGER UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • OKT 16
    2019
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • OKT 17
    2019
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • OKT 18
    2019
    7 STILLINGER UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • OKT 20
    2019
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • OKT 21
    2019
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • OKT 22
    2019
    4 STILLINGER UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)

Registrer deg i CV databasen!

Opprett en brukerkonto, og del din CV og kandidatprofil slik at aktuelle arbeidsgivere får tilgang til deg dersom du matcher en nåværende eller fremtidig jobbmulighet.

  • Opprett en profesjonell kandidatprofil
  • Del profilen med aktuelle arbeidsgivere
  • Bli oppdaget av hodejegere

Fakta om Universitetet i Bergen