Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar – SUA – er under etablering i Bergen. SUA Bergen vil bygge på eit nasjonalt samarbeid mellom Arbeidstilsynet, politiet, Skatteetaten og Utlendingsdirektoratet (UDI). Relevant informasjon om samarbeidet finn du på www.sua.no
Målgruppa for Servicesenteret er :
- Personer frå EU/EØS som skal arbeide i Norge, og familiemedlemmene deira
- Personer frå land utanfor EU/EØS som skal søke opphaldsløyve for å arbeide i Norge, og familiemedlemmene deira
- Arbeidsgivarar til utanlandske arbeidstakarar
Servicesenteret vil utføre følgjande oppgåver:
- Utstede registreringsbevis til EU/EØS- borgarar
- Ta imot dokumentasjon i samband med søknader om opphaldsløyve når søker er frå land utanfor EU/EØS
- Utstede opphaldskort, som er et bevis på opphaldsløyve
- Ta imot søknader om skattekort og tildele norsk identitetsnummer
- Behandle innflyttingsmelding til Norge og tildele norsk identitetsnummer
- Informerer om ID-kort for tilsette i bygg- og anleggsnæringen og reinhaldsbransjen
- Svare på spørsmål om til arbeidsforhold, for eksempel arbeidstid og lønnsvilkår i Norge
Dei deltakande etatane har ansvaret for informasjonsarbeidet innan kvar serskild etat sitt område.
Servicesenteret vil representere ei felles førstelinjeteneste, og samordna saksbehandling gjer at søknader kan leverast samla.
Senteret vert etablert i Skatt vest sine lokaler i Nonnesetergaten 4 i Bergen med planlagt oppstart frå mai/juni 2015.
Til å leie Servicesenteret, søker vi etter ein utviklingsorientert person som er ansvarleg for å byggje opp og utvikle senteret. Du vil ha personalansvar for om lag 10 medarbeidarar, samt overordna ansvar for å koordinere arbeidet mellom dei ulike etatane på senteret. Du vil formelt bli tilsett i Skatteetaten og rapporterer til seksjonssjef førebygging og rettleiing.
Arbeidsoppgåver
- Personal- og leiaransvar
- Du skal bygge opp og utvikle SUA Bergen
- Du skal delta aktivt i organisering og vidareutvikling av servicesenteret sine oppgåver med sikte på effektiv oppgåveløysing
- Du skal legge til rette for og sikre godt samarbeid mellom dei deltakande etatar
- Du skal ha tett resultatoppfølging av servicekrav og sikre god kvalitet i rapporteringa
Kvalifikasjonar
- Du må ha 3-4 årig relevant utdanning frå universitet/høgskule, fortrinnsvis bachelor eller høgare. Relevant erfaring og gode resultat frå tilsvarande arbeid vil kunne vege opp for manglande formell utdanning
- Du må ha leiarerfaring med personalansvar
- Det er ønskelig med kjennskap til kundeservice/rettleiing
Personlege eigenskapar
- Du er imøtekommande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er engasjert, strukturert og har godt humør
- Du er nytenkjande og resultatorientert
- Du kan vidareutvikle eit godt fagmiljø basert på medverknad og kunnskapsleiing
- Du kan motivere og inspirere medarbeidarar på tvers av ulike organisasjonskulturar
- Du har stor arbeidskapasitet og trivst med høgt arbeidstempo
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i samarbeid med fleire etatar
- Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
- Trening i arbeidstida
- Stillinga er lønna som underdirektør (kode 1059), ltr. 64 - 72 (kr 549 400 – kr 639 500) avhengig av kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % av lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Dei første seks månadene blir rekna som prøvetid.
Generelt:
Skatteetaten har personalpolitiske mål om å spegle samansetjinga i samfunnet når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn, og vi ønskjer søkjarar frå alle samfunnslag. Som IA-bedrift vil vi også leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Dersom du ønskjer å reservere deg mot å bli oppført i den offentlege søkjarlista, må du grunngi det. Opplysningane om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har oppmoda oss om å ikkje føre deg opp i søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, blir du varsla om det.
Det gjeld særskilde reglar for bistilling og deltaking i næringsverksemd. Tilsetjinga skjer elles på dei vilkåra som følgjer av lovene, instruksane og reglementa som gjeld for stillinga.