Jobbnorge ID: 121300
Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som stipendiat i rettsvitskap. Stillinga er ein del av forskingsprosjektet «Legal governance in land use planning [GOVLAND]» om kommunalt sjølvstyre og statleg styring i saker som gjeld miljø- og arealforvaltning.
Normal åremålsperiode for stillinga er fire år med 25 prosent pliktarbeid. Åremålsperiode uten pliktarbeid kan likevel vurderes.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Forskingsprosjektet «Legal governance in land use planning [GOVLAND]» ser nærare på dei rettslege styringsverktøya som regulerer tilhøvet mellom nasjonal og kommunal kompetanse i norsk miljø- arealforvaltning. Prosjektet har finansiering frå Noregs forskingsråd. Ph.d.-prosjektet skal m.a. analysere tilhøvet mellom statleg styring og det kommunale sjølvstyret ved eit studie av vilkåra for at staten kan ta over ansvaret i saker der lova, i utgangspunktet, legg vedtakskompetansen til kommunale styresmakter.
For nærare informasjon om prosjektet sjå prosjektskissa som kan finnasther.
Den som blir tilsett vil bli knytt til forskergruppa for naturressurs-, miljø- og utviklingsrett ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Det er forventa at vedkommande bidreg til forskergruppa sine aktivitetar.
For nærare opplysingar om prosjektet, ta kontakt med prosjektleiar Ingunn Elise Myklebust på tlf. 55 58 95 62 / epost:Ingunn.Myklebust@uib.no
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Du må gjennom karakternivå eller skriftlege arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
Om stipendiatstillingaAdministrasjons- og undervisningsspråket på fakultetet sitt doktorgradsprogram er til vanleg norsk. Eventuell undervisning skal kunne gjennomførast innanfor dei obligatoriske faga i masterstudiet i rettsvitskap ved UiB.
Prosjektskildringa bør vere på ca 10 sider, og den skal inneholde ein plan for gjennomføringa av prosjektet og forskerutdanninga.
Om forskarutdanninga:I tillegg til å fylle det generelle kravet for tilsetjing, må søkjarane fylle kravet for opptak på fakultetet sitt ph.d.-program.
Søkjaren må fylle ut skjema for opptak på ph.d.-programmet. Skjema kan hentast her:
http://www.uib.no/phd/74164/s%c3%b8ke-om-opptak-til-phdVi kan tilby:- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Løn etter lønssteg 52 /57 (kode 1017/LR 20. 8) ut frå relevant praksis. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Prosjektskildring og framdriftsplan
CV
Skjema for opptak på ph.d.-programmet
Kopiar av vitnemål og attestar
Vitskapelege arbeid og liste over desse (publikasjonsliste)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk stillingen».
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonen ved Det juridiske fakultet, tlf. 55 58 96 76, eller til prodekan for forsking Berte-Elen R. Konow tlf. 55 58 95 44.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Det kan bli aktuelt å gjennomføre intervju ved tilsetjing i stillinga.
Det blir elles vist til rettleiing for søkjarar på vevadresse:
http://www.uib.no/jur/24432/reglement-og-retningslinjerNærare om tilsettingsprosessen
her.
Søknadsfrist: 20.04.2016
Søknaden skal merkast: 2016/1028
Se annonsen og søk på stillingen
www.jobbnorge.noAdresse: Christiesgt. 18 5020 BERGEN
Web: http://www.uib.no