Ved Det juridiske fakultet er det ledig eit halvt års vikariat i 100 % stilling som studiekonsulent / førstekonsulent i Studieseksjonen, med moglegheit for forlenging. Tiltreding så raskt som mogleg.
Arbeidsoppgåver
Stillinga omfattar studieadministrative driftsoppgåver for undervisning og eksamen, informasjonsarbeid, saksbehandling av studiesaker og evalueringar. Som studiekonsulent har du også kontakt med studentar, vitskapleg tilsette og eksterne undervisarar.
Den som blir tilsett vil primært inngå i seksjonens studieårsgruppe, men kan også få andre studieadministrative oppgåver.
Litt om fakultetet og studieseksjonen
Det juridiske fakultet er blant dei leiande forskingsmiljøa i Norden innan strafferett, straffeprosess og politirett. Fakultetet har også sterk kompetanse innan sentrale formuerettslege fag, forvaltningsrett, internasjonal privatrett, rettsteori og rettsfilosofi. Det 5-årige masterprogrammet i rettsvitskap med ca. 2 400 studentar var det nest mest populære av alle utdanningar i Noreg i 2017. Nærare 50 % av dei ferdig utdanna juristane frå fakultetet utveksling som del av mastergraden i rettsvitskap. Fakultetet starta ei større digital satsing i 2012 og har sidan da tatt i bruk stadig fleire digitale hjelpemiddel som pedagogiske verktøy i utdanninga og til å fremme forskingsformidling. Digital eksamen ble innført på alle emne frå hausten 2015, og fakultetet har eit eige lærings- og formidlingssenter. I 2017 fekk fakultetet tildelt utviklingsmidlar frå Noregsuniversitetet til prosjektet «Betre språk - betre juristar».
Studieseksjonen bidreg til å utdanne framtidas juristar og ivareta fakultetet sitt samfunnsoppdrag gjennom effektiv, etterrettelig og etisk bevisst administrasjon, forvaltning og utvikling. Studieseksjonen følgjer studentane frå rekrutteringsprosess til dei er ferdig utdanna juristar. Det inneber mellom anna informasjonsarbeid, studieadministrasjon, saksbehandling, studierettleiing, kvalitetssikring og -utvikling, studentmobilitet og internasjonalt samarbeid. Det er eit kontinuerleg fokus på å vidareutvikle kvalitet i studiet og på å forbetre og effektivisere interne prosessar og rutinar i seksjonen. Seksjonen yter støtte til fagleg leiing ved fakultetet. Seksjonen tel om lag 18 medarbeidarar.
For meir informasjon om fakultetet, studieseksjonen og studieprogram, sjåhttp://www.uib.no/jur
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning, helst på masternivå. Det er ikkje naudsynt med juridiske emne i graden. Kandidatar frå alle relevante fagområde blir oppmoda til å søkje
- relevant praksis. Det er ein føremon med erfaring frå studieadministrativt arbeid, saksbehandling og prosjektarbeid. Erfaring frå organisasjonsarbeid og servicearbeid kan også vere relevant
- kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, samt offentleg forvaltning er ein føremon
- god administrativ IT-kompetanse
- kan nytte begge målformer (norsk arbeidsspråk)
- gode engelskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- ansvarsbevisst, fleksibel og initiativrik
- evne til sjølvstendig oppfølging og effektiv gjennomføring av arbeidsoppgåver
- evne til prioritering og god orden
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- evne til å halde hovudet kaldt på travle dagar
Relevant praksis og personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Vi tilbyr
- stilling i ein dynamisk organisasjon med fokus på utvikling
- hyggelege kollegaer og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida
- allsidige oppgåver og sjølvstendig ansvar
- løn som førstekonsulent etter lønssteg 47 - 53 (p.t. kr. 416 600 - 459 100) (kode 1408/LR 21) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
Generell informasjon
Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen finn duher.
Kopi av vitnemål og attestar skal berre sendast dersom du får melding om det.
Se annonsen og søk på stillingen
www.jobbnorge.no
Adresse: Christiesgt. 18 5020 BERGEN
Web: http://www.uib.no