Amalie Skram videregående skole er ein stor, nystarta skule i Bergen sentrum. Vi har omlag 100 tilsette og 1000 elevar som er fordelt på studiespesialiserande programområde, medier og kommunikasjon, service og samferdsel, påbygg til generell studiekompetanse og tilrettelagt opplæring.
Skulen er lokalisert i Bergen sentrum og deler lokaler med AdO arena.
Amalie Skram vgs er ein moderne skule med vekt på kreative og opne haldningar der vi saman skal bidra til læring og fullføring for elevane. Skulen rettar blikket ut i verda og har ei stor satsing på internasjonalisering og har mange prosjekt med m.a. elevutveksling. Eleven skal stå i sentrum og dei tilsette er "tett på" i arbeidet med gode læringsprosessar og eit inkluderande skulemiljø. Skulen har eit tett samarbeid med universitetet i Bergen. Amalie Skram vgs er ein "open skule", den er open frå 0800-2200 året rundt. Det er mange eksterne aktørar og samarbeidspartnarar som bruker bygget, både på dag- og kveldstid.
Kompetent, offensiv og i dialog er dei grunnleggjande verdiane i Hordaland fylkeskommune, og desse skal danne basis for all leiing.
HFK søkjer etter ein rektor som:
- Markerer skulen som ein sentral utdanningsinstitusjon i lokalmiljøet. Profilerer skulen og bidreg til auka rekruttering.
- Leiar og utviklar skulen og er ansvarleg for læringsresultat, læringsmiljø og samfunnsoppdraget.
- Møter alle elevar med respekt og omtanke og bidreg til at dei opplever læring, motivasjon og meistring.
- Har reflekterte visjonar og god fagleg forankring for skulen si pedagogiske utvikling.
- Byggjer eit sterkt fagleg fellesskap og ein verdibasert kultur som kontinuerleg søkjer utvikling.
- Saman med leiargruppa skal ein ha ein open kommunikasjon med rom for nytenking. Leiinga skal vektlegge samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane.
- Legg til rette for å utnytte fagleg kompetanse, gir rettleiing og støtte i arbeidet med å byggje fellesskap med sikte på gode læringsprosessar for elevane.
- Er oppteken av å halde ved like og skape eit attraktivt arbeidsmiljø prega av respekt, tillit og dialog.
- Har eit avklart forhold til rolla som arbeidsgjevar med god forståing av lov og avtaleverk.
- Arbeider i samsvar med politiske og administrative vedtak med evne til å forankre endringar på ein god måte i organisasjonen.
Kvalifikasjonar
- Pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar, jf. Opplæringslova § 9-1.
- Utdanning innan leiing og organisasjonsutvikling er ønskjeleg.
- Leiarerfaring vil bli vektlagt.
- Kunnskap om økonomistyring og offentleg forvalting.
- Kunnskap om og interesse for bruk av IKT i opplæringa.
- Erfaring frå vidaregåande opplæring er ein fordel.
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
- Alle nytilsetjingar i Hordaland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Personlege Eigenskapar
- Er sosial og inkluderande og byggjer gode relasjonar
- Har stort engasjement og evne til å motivere
- Har gode kommunikasjonsevner og evne til samarbeid
- Er reflektert og resultat- og løysingsorientert
- Arbeider strukturert og systematisk
Vi tilbyr
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Vi har for tida lyst ut fleire stillingar som rektor. Dersom du er interessert i ei eller fleire av dei andre stillingane ber vi deg gjere oss merksam på dette på slutten av søknaden din.
- Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Hillevi Elizabeth Runshaug, regionleiar, Logg inn for å se kontaktinformasjon
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Hordaland fylkeskommune
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 06.03.2019
For elektronisk søknadsskjema:
Adresse: Bergen