<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Vi søker digital direktør Havforskningsinstituttet

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

Om stillinga

Stillinga som digital direktør hos Havforskingsinstituttet er ledig – vi søkjer deg som vil skapa verdiar av verdas viktigaste og finaste havdata.

Havforskingsinstituttet er tett på havet kvart døgn, året rundt – og skal sørga for rike og reine hav i dag og for komande generasjonar. Vi har store ambisjonar for framtidas havforsking, og digital nyskaping står sentralt. Vår digitale direktør skal styrka digitaliseringa av våre havdata i tråd med dei strategiske satsingane på instituttet.

Du får ansvar for å leia og bemanna avdelinga HI Digital som består av tre seksjonar: IT, Norsk marint datasenter (NMD) og Digital utvikling. Avdelinga tel rundt 60 stillingar.

Vi ser etter ein leiar som held høgt fagleg nivå og er oppdatert.

Vi ønskjer at du har forståing for korleis moderne digitale teknologiar kan utnyttast med eit brukarretta perspektiv, som til dømes god IT-arkitektur, praktisk bruk av maskinlæring, stordataanalyser osv. Til arbeidsområdet ligg også handtering, lagring og strukturering av store datamengder frå våre forskingsfartøy, fjern- eller sjølvstyrte farkostar, modellar, laboratorium, forskings- og feltstasjonar.


Kvalifikasjonskrav

Du har høgare utdanning med relevant fagkrins og brei arbeidserfaring. Erfaring frå kunnskapsverksemder er ein føremon. 

I stillinga legg vi stor vekt på personlege eigenskapar. Du må ha god strategisk forståing og høg gjennomføringsevne. Du likar å vise til resultat, har gode samarbeidsevner og legg til rette for motiverte og kreative medarbeidarar.

Arbeidsspråket er norsk, og det er krav om god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Vi legg til grunn at du også meistrar engelsk på høgt nivå.


Inkludering, mangfald og positiv særbehandling

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjararmed redusert funksjonsevne.

Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava .

For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.


Vi tilbyr
  • arbeid i ein leiande forskingsinstitusjon, med stor samfunnsmessig verdi
  • eit spanande og solid fagmiljø
  • fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
  • offentleg tenestepensjonsordning i Statens Pensjonskasse
  • bedriftshytter
  • bedriftsidrettslag

Ytterlegare informasjon

Arbeidsstad er Bergen, men andre løysingar kan bli aktuelt. Noko reiseverksemd må påreknast. Andre oppgåver enn dei som er nemnde ovanfor kan bli pålagde ved behov.

Stillinga blir løna i stillingskode 1060 avdelingsdirektør, forventa mellom brutto kr 1 000 000 – 1 200 000 ut frå kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Søknad må sendast elektronisk via Jobb Norge. CV, relevante attestar og vitnemål må leggast ved i søknaden.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos direktør Nils Gunnar Kvamstø på tlf. Logg inn for å se kontaktinformasjon. Sjå også nettsida vår www.hi.no.





Om arbeidsgiveren

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 04
    2025
    1 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
1 ledig stilling
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Vil du bidra med din kompetanse til vårt automasjonsmiljø?
25.05.2025 Tromsø
Er du klar for å bidra til å skape smarte, tekniske løsninger for fremtidens bygg? #TeamGK
25.05.2025 Skien
Vil du også bli en del av Norges største byggautomasjonmiljø?
Fortløpende Flere steder
Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan
11.05.2025 Trondheim
Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan
21.05.2025 Oslo
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
25.06.2025 Oslo
Nå har du mulighet til å forme fremtiden. I Bane NOR handler det om bærekraft, knutepunkt, og om å drive
27.05.2025 Flere steder
Jernbanen er på spor mot en ny fremtid. Fra å være mekanisk og manuell, er den i ferd med å
20.05.2025 Oslo
Vis alle 30.978 ledige stillinger

Fakta om Havforskningsinstituttet