Vi har ikkje flyplass og motorveg, men kan dagleg ta turen til Bergen eller Førde og, om vi vil, vidare ut i den store verda. Vi har ikkje operahus og kaffibar, men kan nyte spanande smakar frå både inn- og utland etter å ha hatt vind i håret på ein fjelltopp eller kjent sjøskvulpen etter ein padletur
I Solund vil det vere kontinuerleg behov for rekruttering av arbeidskraft som har utdanning innan pleie og omsorg, barnehage og grunnskule. Det lokale private næringslivet er mykje retta mot turisme, service og maritime arbeidsplassar og har ulik behov for rekruttering. Solund kommune ønskjer søkja