<  
>  
Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv
Stillingsannonse

Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (studieleiar Vestlandslegen) Universitetet i Bergen

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Stillingsbeskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Førsteamanuensis eller universitetslektor (studieleiar Vestlandslegen)

Ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som førsteamanuensis eller universitetslektor (50 %) i medisin ved eller ved (det avheng av søkjars fagområde/spesialitet). Stillinga skal inneha rolla som studieleiar for Vestlandslegen. Arbeidsstaden er ved Stavanger universitetssjukehus (SUS), og søkjarane må ha fast tilsetting som lege ved sjukehuset.

Bakgrunnen for utlysinga av stillinga er fakultetet sitt prosjekt for å etablere ein regional studiemodell for legeutdanninga ved UiB, i samarbeid med dei lokale helseføretaka i Helse Vest. I første omgang skal det startast ein pilot i Stavanger med base ved SUS for 20 studentar frå 4. studieår med planlagt oppstart hausten 2023. Stillinga følgjer prosjektet og er avhengig av vidare finansiering.


Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Arbeidsoppgåver for studieleiar: 

  • leie arbeidet med utvikling og etablering av studieløpet i Stavanger 
  • delta i etablering av stab i Stavanger 
  • samarbeide med sjukehusleiinga og avdelingane ved SUS om å implementere studieplanen 
  • samarbeide med UiB sine tilsette ved SUS, spesielt nært samarbeide med fagleg koordinator for UiB sin studentpraksis ved SUS 
  • samarbeide med relevante fagleg og administrativt ansvarlege og programutvalsleiar for studieprogrammet ved Det medisinske fakultet  

Arbeidet skal bygge på det utgreiingsarbeidet og vedtaka som er gjort for innhaldet i studieplanen, spesielt innhaldet i rapporten frå Arbeidsgruppe 2 i prosjekt Vestlandslegen. 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis:Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinstudiet men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.

Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå forsking og undervisning. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.

Arbeidsoppgåver  for universitetslektor:

Den som vert tilsett skal undervise og rettleie medisinstudentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:

Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, og må vere lege (cand.med.) og ha spesialitet innan eit av faga det skal undervisast i. I tillegg må søkjarfylle krav til utdanningsfagleg kompetanse. Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt stort engasjement og interesse for undervisning.

Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på . Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor:

  • søkjar må vere lege (cand.med) og ha spesialitet innan eit av faga det skal undervisast i
  • det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt stort engasjement og interesse for undervisning

Vi tilbyr:
  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Førsteamanuensis er lønt etter lønssteg 68-74 (kode 1011/lønsramme 24.10), for tida kr 626 100-702 100, eller lønssteg 70-74 (spesialist) for tida kr 650 300 - 702 100. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Universitetslektor er lønt etter lønssteg 56-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 507 600 – 583 500 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode
Søknaden skal innehalde:

Søknaden skal innehalde for førsteamanuensis:

  • søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillinga
  • utfyllande CV samt relevante vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • pedagogisk mappe, sjå
  • ei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidet
  • dei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-format
  • plan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)
  • namn og kontaktinformasjon til minst to referansar

Søknaden skal innehalde for universitetslektor:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)
  • dersom du driv forsking legg du og ved: fullstendig publikasjonsliste og vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Steinar Hunskår, e-post: Logg inn for å se kontaktinformasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen .





Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen (UiB) er Norges nest eldste universitet, og ble opprettet i Bergen i 1946. Med sine vel 14 500 studenter og ca. 3 200 ansatte er det et mellomstort europeisk universitet. Det er et byuniversitet der sentrale deler av campus ligger i umiddelbar nærhet til de sentrale delene av Bergen. Universitetet i Bergen er både et lærested og en forskningsinstitusjon som dekker de fleste fagområder, organisert i seks fakulteter og rundt 60 institutter og faglige sentre. Les mer om Universitetet i Bergen

Relaterte studier og skoler for denne stillingen

Se også alle studier innen:

Søknadsinformasjon

Se stillingsteksten ovenfor for informasjon om hvordan du søker på stillingen. Om du ikke skulle finne denne informasjonen der, besøk firmaets hjemmeside.

Viktig melding: Denne stillingen har utløpt / er ikke aktiv

Lagre stillingen eller abonner på tilsvarende muligheter

Rekrutteringskalender

  • MAI 28
    2025
    2 STILLING UTLØPER I DAG (SISTE SØKNADSFRIST)
  • MAI 29
    2025
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • MAI 31
    2025
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
  • JUN 01
    2025
    2 STILLINGER UTLØPER I DAG – SISTE FRIST
34 ledige stillinger
Kandidatmatch
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%
Jobbsøker
Denne teksten er anonymisert
Match 70%

Se flere annonser

Vi søker Produksjonsleder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker Teknisk leder til vårt nye høyteknologiske anlegg på Digernes Næringspark!
31.05.2025 Ålesund
Vi søker renholdere til deltid og heltid! Er du nøye, pålitelig og liker å holde det rent og ryddig? Vi
28.05.2025 Oslo
Kan du formidle gode historier i digitale kanaler? Har du noen års erfaring som kommunikasjonsrådgiver, er opptatt av smart kommunikasjon
15.06.2025 Oslo
I Bane NOR har vi ett felles mål – å sette spor vi er stolte av, som kan drive samfunnet
30.05.2025 Oslo
I Norge har det aldri vært satset mer på jernbane enn nå, og dette er et samfunnsansvar som vi i
10.06.2025 Drammen
Om oss I Bane NOR har vi ett felles mål - å sette spor vi er stolte av, som kan
22.06.2025 Flere steder
Om avdelingen Energi har i dag ca,150 engasjerte ansatte, og søker nå etter seksjonsleder til kraftsystem og utredinger for energiforsyning
30.05.2025 Oslo
Vis alle 36.889 ledige stillinger

Fakta om Universitetet i Bergen